Lett regnver og vindstille er ein fin kombinasjon, synest eg. Spesielt når det ikkje altfor kaldt. På slike stille dagar om våren og sommaren kjenner ein ofte dei gode luktene frå blomar ekstra godt.

Men det er ikkje berre luktesansen som får sitt på slike dagar. Det er mykje å sjå som er godt for auget : Regndropane ligg som perler på blad og blom. Det mjuke lyset gjer at detaljar kjem godt fram, både i høglys og skugge. Ein tur med fotoapparatet på slik ein dag kan gi resultat som elles ikkje er så lette å oppnå.

Eg har nettopp hatt meg ein slik tur i eigen hage. Framleis står tulipanane i bløming, og fargane på kronblada vert framheva i det mjuke lyset. Det er vakkert.

Nedunder kan du sjå nitten av bileta eg tok på denne vesle turen.

Tulipanar i regn