Vi fekk ein vakker bukett tulipanar. Den pynta opp i påska. Men tulipanar kan aldri vara evig, veit du, og etter kvart vart det meir og meir tydeleg at dei i denne buketten ikkje hadde særleg lang framtid i heimen.

Det var berre det at dei framleis var så fine. Kronblada tørka inn, og dermed framstod dei med nye og spanande fargar og teksturar. Så dagen dei skulle hivast, bestemte eg meg for å ta nokre tulipanportrett. Eg tok ein og ein blome ut av buketten og sette han i ei flaske på kjøkkendisken. Så sette eg mitt Tamron 60 mm makroobjektiv på kameraet, og kameraet på eit stativ, og så var det berre å fyre laus.

Oppsettet var rimeleg ukomplisert. Lyset på blomane kjem frå kjøkkenvindauget og frå lyslista under kjøkkenskapet, og den mørke bakgrunnen er kjøkkenveggen. Det einaste eg ellers gjorde, var å slå av rørslekompensatoren i kameraet. Den kan elles oppføre seg noko underleg når kameraet står på stativ, og difor ikkje er i rørsle.

Etterarbeidet vart gjort i Photoshop. Det bestod i å laggje inn ei ramme kring biletet, og deretter leggje det innramma biletet på ein svart kvadratisk bakgrunn. Fargen på kvar ramme er henta frå biletet sjølv.

Ingen ting er gjort med farge, kontrast og lysstyrke – unnateke på eitt bilete. Eg seier ikkje kva for eit det er…

Tulipanar på randen