Her i haust installerte eg UpdraftPlus, ein plugin som tek backup av innhaldet på heimesida mi. Det har eg fått godt betalt for.

Sist veke skjedde det noko underleg med innhaldet på heimesida mi : Plutseleg «forsvann» delar av biletinnhaldet på sidene, og lenkjer i artikkelsamlingar vart også borte. Eg anar ikkje kvifor, eller korleis dette har skjedd.

Eg brukte litt tid på å finne ut korleis eg skulle få orden på dette igjen. Det var i og for seg OK. Å verte konfrontert med og måtte løyse denslags utfordringar er ein del av ein læringsprosess, tenkjer eg. Og løysinga synte seg å vere svært enkel :

160106_UpdraftPlus_logo
Logo, UpdraftPlus

Eg hadde som sagt installert ein plugin – UpdraftPlus – som kvar veke hadde teke backup av alt innhald på heimesida mi og lagra dette i Dropbox. Det vil seie at eg hadde ein rimeleg fersk og heilt intakt versjon av heimesida mi på lager. Og det einaste eg hadde å gjere, viste det seg, var å be UpdraftPlus om å rekonstruere heile heimesida. Som sagt, så gjort. Heile prosessen var gjort i løpet av nokre minutt.

Det du no altså sit og ser på, er ei rekonstruert heimeside, ein klone av den opphavlege heimesida. Og har du vore på heimesida mi før, veit du at ho framstår som heilt identisk med den opphavlege heimesida. Ingen skade skjedd, med andre ord.

Det er eg svært glad og takksam for.

Biletet øvst på sida er laga med utgangspunkt i eit fotografi av Denis-Carl Robidoux, og ein kan lese meir om biletet ved å peike og klikke her.

UpdraftPlus – «Send in the clones»