Heimesider er som hestar – ikkje to har same utsjånad. Det er ikkje teknisk vanskeleg å endre eller justere utsjånaden til ei heimeside i WordPress. 

Det gjer ein ved å byte tema – eller bunad, som det så fint heiter i den nynorske språkversjonen av programmet. Og det er rikeleg med tema å velge mellom – på tusenvis, faktisk. Mange er kommersielle, og ein må betale litt for å bruke dei. Men mange er gratis.

For min eigen del har eg vald å nytte eit gratis tema – Spacious – som er laga av ThemeGrill. Dette har fungert godt for meg så langt, og ein kan lure på kvifor ein i det heile teke skal ta utgiftene med å kjøpe eit kommersielt tema.

Det kan vere gode grunnar til å gjere akkurat det. Når ein kjøper retten til å bruke eit kommersielt tema, investerer ein i eit kundetilhøve med ein leverandør. Ein kjøper seg tilgjenge til eksperthjelp dersom ein skulle stå fast, og ein må kunne rekne med at leverandøren til eikvar tid ser til at temaet er kompatibelt med dei nyaste versjonane av WordPress. Nyttar ein gratistema, har ein ikkje same tryggleiken.

Dessutan kan kommersielle tema jamnt over i større grad modifiserast og tilpassast behova ein har for utforming av heimesida. Men om eit gratis tema manglar noko av denne fleksibeliteten, kan dette av og til kompenerast med å nytte plugin-ar. Og det kan sjølvsagt tenkjast at du finn eit gratis tema som dekkjer dei behova du har for funksjonalitet.

Etter kvart kjem eg til å leggje inn litt informasjon om korleis eg har nytta temaet mitt og eit par plugin-ar til å gi heimesida mi ei utforming som eg er nøgd med. Du vil finne informasjonen nedunder på denne sida.