På denne sida vil eg skrive litt om dei plugin-ane eg har teke i bruk, og kvifor nett dei er blitt valde.

Plugin-ar utvidar funksjonaliteten til WordPress, og gjer at eg lettare kan bruke sida mi slik eg ynskjer. Dei er lette å installere. Utfordringa er å vite kva plugin ein skal velge – det er ofte eit stort antal som gjer nesten same jobben. Slik har eg vald ut mine plugin-ar :

Kva behov har eg ?

Det er eit poeng å vere medviten om kva oppgåver ein ynskjer å ha løyst, og korleis. Ofte er det mange plugin-ar som kan gjere jobben, men på litt ulikt vis. Då er det greitt å ha eit klårt bilete av kva ein fyrst og fremst vil ha gjort.

Er programmet kompatibelt med den versjonen av WordPress som eg nyttar ?

Dette vil gå fram av informasjonen om den einskilde plugin. Ein kan ikkje gå ut frå at endringar i WordPress ikkje vil ha konsekvensar for samhandlinga mellom WordPress og ein plugin, så det vil alltid vere ein risiko for at ein får «brukskollisjonar».

Er programmet nytta av mange ?

Brukartalet er ofte ein god indikasjon på at dette er ein plugin som er velfungerande og godt programmert. (Men stirrer ein seg blind på dette talet, kan ein gå glipp av gode alternativ som er så nye at dei ikkje har rukke å få ein stor brukarskare. )

Kva attendemeldingar har programmet fått ?

Attendemeldingar er også ein nyttig indikasjon på kvaliteten av programmet. Men også dette skal ein ta med ei klype salt – ein veit ikkje alltid kven det er som har skrive attendemeldingane.

Korleis ser programmet ut i bruk ?

I informasjonen om den einskilde plugin kan ein ofte finne skjermdunpar som syner brukargrensesnittet på baksida, og også korleis funkjsonen ser ut for publikum på framsida. Dei kan også vere informative.

Nedunder er peikarar til presentasjonar av nokre av plugin-ane eg nyttar.

Standard editor i WordPress heiter TinyMCE. Den er enkel i bruk, og det er bra.

(meir…)

Dersom det vert mykje informasjon på ei heimeside, kan det vere naudsynt å gjere noko for at informasjonen skal verte lettare å finne.

(meir…)

Til fleire av artiklane mine har eg lagt ut biletseriar, der kvart bilete vert synt for seg, og etter ei stund skifta ut med eit anna.

(meir…)

Eg forstod det ikkje før eg såg det – eg er under beleiring! Eller rettare : Denne heimesida mi er.

(meir…)

Her i haust installerte eg UpdraftPlus, ein plugin som tek backup av innhaldet på heimesida mi. Det har eg fått godt betalt for.

(meir…)