Hausten 2014 vart eg kjend med ein spesiell, ung mann. Anton Nilsson er ein talentfull svensk pianist.

I september 2014 heldt han konsert i Sandnes kyrkje, der han mellom anna spelte musikk av Edvard Grieg og ein del svenske komponistar.

Anton er ikkje heilt som andre unge talentfulle pianistar. Han er svaksynt, og må difor lære all musikken utanat. Akkurat det å lære musikken utanat er han ikkje åleine om. Men så er det slik at Anton har Aspergers syndrom. Eg veit ikkje heilt kva det konkret har å seie for Anton i det daglege og i hans arbeid med musikken, men eg trur ikkje at det er mange med Aspergers syndrom som spelar piano på eit så høgt nivå som Anton.

Anton Nilsson øvar på flygelet før konserten i Sandnes kyrkje.
Anton Nilsson øvar på flygelet før konserten i Sandnes kyrkje.

Det var ein flott konsert, og eg har ofte tenkt både på den og på Anton. Ikkje minst når eg finn fram og lyttar til CD-en han har gitt ut, «Solhälsningar». Her byd Anton på eit knippe godbitar frå den store pianolitteraturen.

Og så er eg ven med han på Facebook. Av og til kjem ein liten epistel frå han, og det er hyggeleg å få eit lite glimt inn i det Anton held på med for tida. Nett no kjempar han ein heroisk kamp med å lære seg Chopin sin Ballade nr.1 i g-moll. Eg skal ikkje seie mykje om vanskegraden, ut over å slå fast at det ikkje er lite trykksverte som skal til når dei notane skal trykkjast!

Den 27. januar er den internasjonale holocaustdagen, til minne om den dagen i 1945 då sovjetiske styrker rykka inn i Auschwitz og frigjorde dei vel 7000 fangane som var i live der den dagen. Den 26. januar la Anton ut dette på si Facebookside :

«Detta får aldrig glömmas! Och betänk att innan koncentrationslägren togs i bruk fördes tusentals barn och ungdomar bort från sina familjer för att »vårdas», men i stället misshandlades, vanvårdades och utnyttjades de i medecinsk forskning för att efter hand dö. Barn och ungdomar som till exempel jag…vi som inte är som alla andra…Visst är vi alla lika värda trots eller tack vare våra små olikheter…»

Teksten traff meg i hjarterota. Det er viktig, dette Anton her minner oss på.

Eg har gode minne frå konserten med Anton. Musikken var flott framført, men det er likevel noko anna eg kjem til å hugse best, og det er Anton sjølv. Ein høfleg og finsleg ung mann – det er ikkje mange som eg i den grad assosierer med ordet «gentlemann» som Anton.

Ja, Anton, du har heilt rett : «Visst är vi alla lika värda trots eller tack vare våra små olikheter…» Takk for at du er ei så god påminning om akkurat det.

Bileta på denne sida er tekne den 21. september 2014, medan Anton øvde i Sandnes kyrkje i forkant av konserten.

Vi er alle like mykje verd