Eg forstod det ikkje før eg såg det – eg er under beleiring! Eller rettare : Denne heimesida mi er.

Eg las ein artikkel om tryggleik på nettet. Der stod det mellom anna at folk sine bloggar og heimesider ofte var utsette for forsøk på hacking. Konsekvensane kunne vere mange, frå at ein ufrivillig vart nytta som spreiar av spam, til at heimesidene vart endra og kanskje til og med gjort umoglege å kome inn på att for eigar. Rådet frå artikkelforfattaren var : «Skaff deg ein plug-in som handterer tryggleiken!»

Wordfence logo
Wordfence logo

Gode råd er gode å få, og eg fylgde rådet. Eg lasta inn og innstallerte ein plug-in som heiter Wordfence. Det har eg ikkje angra på. Dette programmet vakar kontinuerleg over heimesida mi, og heile tida genererer det rapportar om ulike aktivitetar her. Ein finn hyggeleg lesnad om kvar folk som har vore inne på heimesida mi kjem frå og ikkje fullt så hyggeleg lesnad om ulike forsøk på å hacke seg inn der.

Kor mange det kunne vere som prøvde seg, og kor ofte dette skjedde, hadde eg inga aning om. Men at det var mange i døgnet hadde eg ikkje trudd. Då for litt sidan eg sjekka for å finne ut kor mange som hadde prøvd seg i dag, kunne eg konstatere at heimesida mi hadde vore ute for trettito forsøk på inntrenging i løpet av åtte timar.

Og eg har lært noko nyttig : Mange hackarar tek tydelegvis utgangspunkt i namnet på heimesida eller namnet på den som skriv på henne og prøvar seg på variantar og kombinasjonar av namnet når dei skal finne ein brukar-id dei kan bryte seg inn med. Det førte med seg at eg endra administratornamnet frå eit namn som kunne likne litt til noko som ikkje liknar namnet mitt i det heile teke.

Til no har ingen klart å finne ut kva det kan vere. Og eg trur dei skal slite med å finne det ut også. Heldigvis.

Ein stor takk til dei som lagar Wordfence. Før eg tok programmet i bruk hadde eg ikkje begrep om kor viktig det skulle vise seg å vere for tryggleiken på heimesida mi. Men no veit eg litt om det, og dette er nyttig kunnskap!

Biletet oppe på sida er teke av Luca Sartorini. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Wordfence : Portvakter er nyttige