6. desember er dagen til den heilage Nikolaus, som i åra 280 til 300 var biskop i byen Myra, som ligg sør i det noverande Tyrkia. Han er kjend av mange, men helst under andre namn. Nokre kallar han Nils, andre kallar han Klaus. Men begge namna, både Nils og Klaus, kjem av mannen sitt opphavlege namn, Nikolaus.

Dei som kallar han Klaus, brukar gjerne tittelen hans også. Sankt Klaus – eller Santa Claus, eller Sinterklaas, som nokre vil seie. Dei som heller vil kalla han Nils, nyttar gjerne ein kjæleform av namnet, og kallar han Nisse, eller nissen.
Biletet til høgre syner eit bilete av biskopen – meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.
Nikolaus skal ha vore ein hjelpsom og raus mann. Forteljingane om kor gåvmild han kunne vere, var mange. Rundt 1200-talet tok ein i Frankrike til å markere dagen hans, den 6. desember, med å dele ut gåver til borna. I mange land vart Santa Claus – eller Sinterklaas – framstilt med bispeklede og bispestav, ofte ridande på ein kvit hest.
I 1908 vart biletet som ein kan sjå eit utsnitt av oppe på sida, teke på ein skule i Alkmaar i Nederland. Her ser vi Sinterklaas på hesten sin, og attmed han hjelparen til Sinterklaas, Zwarte Piet (Svartepetter). Denne hjelparen gir etter tradisjonen gåver til dei snille borna, og juling til dei borna som ikkje er snille.
Zwarte Piet er for øvrig ein figur som det etter kvar har knytt seg diskusjonar til. Folk har begynt å reflektere over korleis ulike etnisitetar er blitt framstilte i kristen tradisjon. Ein som har skrive innsiktsfullt om dette, er professsor i teologi, Halvor Moxnes, som i boka «Svarte kong Baltasar» drøftar samanhengar mellom kristendom, europeisk politisk historie, rasisme og slavehandel.

I Norden vart den gamle biskopen blanda saman med ein skikkelse som var knytt til garden – gardvetten – som passa på garden dersom han vart æra og gitt mat. I Sverige vart han kalla tomtegubben, eller berre tomten. Dette ordet kjem av tomt, eller tuft, som tyder bebygd plass. Men i Danmark og Noreg vart han altså kalla nisse.
Han framstod som ein figur nokså ulik den gamle biskopen. Klesdrakta hans kunne i større grad minne om kleda til den høgtidelege gjengen som er avbilda på det gamle fotografiet attmed.
Ein interessant detalj ved dette fotografiet er forresten alle hattane som ligg spreidd rundt om på bakken. Det skulle vore spanande å vite om nokre av desse karane eigentleg gjekk med hatt i staden for toppluer, eller om dei som hadde eigen hatt, tredde denne nedover topplua si…
Meir informasjon om dette biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Den moderne julenissen er gjerne utstyrt med topplue, raud pelskanta jakke med svart belte, raude bukser og svarte støvlar. Eit førebilete for denne varianten har nok den sokalla «Coca Cola-nissen», teikna av den svenskfødde reklameteiknaren Haddon Sundblom, vore. Det er kan hende ikkje så rart – denne figuren har vore aktivt nytta i marknadsføringa av Coca Cola i snart eit hundreår.
Men Coca Cola-nissen er ikkje den fyrste nissen som har sett slik ut, noko det japanske kortet frå 1914 som er avbilda her, skulle vere eit fint prov på. Og i 2024 kom eg over ein artikkel som på ein fin måte utdjupar dette. Den kan du lese ved å peike og klikke her.
Meir informasjon om nissekortet frå Japan finn ein ved å peike og klikke her.
I dag er julenissen ein kjend figur over heile verda. Men han er vår også, og nissedansen som ein kan høyre her, er norsk folkemusikk så god som nokon.
Som eg alt har skrive, er nissen slik vi kjenner han her til lands, eit godt døme på at ulike tradisjonar smeltar saman og skapar noko nytt. Difor er det kjekt å ha han som eit hyggeleg innslag i julefeiringa vår. Dei siste åra har vi hatt juleverkstad i heimen, der born og barneborn har vore samla til hyggelege syslar og godt samvere. Ein av syslane har vore å lage julenissar. Slik var det også i år, og i biletet over ser ein 2022-årgangen av nissane samla på eitt brett. I slideshowet nedunder kan ein sjå dei ein og ein i nærbilete. Dei har alle kvar sitt uttrykk, og er soleis like ulike som dei som laga dei. Men slektskapet er likevel tydeleg. I november 2023 kom eg over denne dokumentaren, som fortel historia om Sankt Nikolaus i detalj. I desember 2022 kom eg over eit lite foredrag om figuren «Father Christmas», som ikkje er Nicolaus eller ein gamal forfader, men ein figur som kjem frå engelksk folklore. Foredraget kan du høyre her: Dette vesle foredraget fortel mellom anna litt om korleis tradisjonane knytt til den hollandske Sinterklass og den engelske Father Christmas reiste med emigrantar over Atlanterhavet, og kva fylgjer det fekk.
Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.









