Josef veit vi lite om. Han var tømmermann i Nasaret, han gifta seg med Maria, ei ung mor til eit barn som ikkje var hans. Han rømde utanlands med familien sin då situasjonen krov det, og vart med det ein av dei fyrste flyktningane vi kjenner namnet til.
Stort meir veit vi ikkje om mannen. Det er ingen kult knytt til Josef, slik det er til Maria. Han har stort sett hatt eit stille tilvære som ein slags statist i framstillinga av det som skjedde ved Betlehem.
Men tenkjer ein etter, må Josef ha vore ein romsleg, kjærleg mann som ikkje kvidde seg for å gjere ein innsats for å berge familien sin. Eit mannsideal det er verdt å halde fram som eit godt foredøme.
Det er ikkje mange som har fokusert på Josef. Men nokre har gjort det. Inger Hagerup har skrive ei hymne til Josef, som er attgitt her :
Den unge Maria vandret engang til Betlehem by
forteller den gamle legende som alltid er like ny
Det var ikke rom i herberget. Men stallen var lun og varm.
Så fødte hun der sin første sønn, støttet av Josefs arm.
Stjernesoler og vismenn. Hyrder og englekor.
Hva tenkte den mørke Josef som aldri mælte et ord?
Gjennomstrålet av himmelsk glans lyste de hellige to.
Hva tenkte den mørke Josef som bare var trofast og god?
Kan hende han svøpte sin kappe litt bedre om barnet og moren.
Slik vernet han ordløs menneskets drøm, den hellige Josef av jorden.
Ein annan som har sett fokus på Josef, er Ole Paus. Nedunder er eit opptak frå veslejulaftan 2007, der han fortel om om sitt syn på denne gode mannen frå Nasaret.
Biletet øvst på sida er eit utsnitt av eit bilete av den italienske målaren Michaelangelo Caravaggio. Det syner Den heilage familien som kviler undervegs på fluktvegen til Egypt. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.
Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.