No har eg begynt å eksperimentere med eit nytt malemedium: akvarellblyantar. Enkelt forklåra er det vassfargar i blyantform. Ein fargelegg teikningar om lag som med vanlege fargeblyantar, men når ein tilfører vatn på fargane, oppfører dei seg om lag som tradisjonelle vassfargar, og ser slik ut også.
Eg opplever denne malemåten som midt mellom teikning og akvarellmåling, og ser at det er råd å kombinere presisjonen til teikninga med fargestyrken til akvarellen. Dette kan passe min måte å teikne og male på, trur eg.
Men heilt utan utfordringar er teknikken ikkje. Fargane endrar seg radikalt når dei får vatn på seg. Dei vert meir intense, og før vatnet kjem til, kan det vere vanskeleg å vurdere korleis det endelege resultatet vert. Men heldigvis kan ein la papiret tørke, og deretter legge på fleire justerande lag.
Biletet over er mitt fyrste ordentlege forsøk denne teknikken. Og utfordringane er tydelege: Biletet vart for gult, også etter at eg la over nokre justerande lag. Samstundes var det oppmuntrande å sjå korleis ein kan lage mjuke fargeovergangar med nokonlunde kontroll. Det synest eg er vanskeleg med tradisjonell akvarell.
Så alt i alt: Eg synest dette var kjekt, og resultatet inspirerer til fleire forsøk. Og kan hende det inspirerer deg til å prøve også?
