Den 27.oktober vart KrfU sin nye leiar, Ingrid Oline Hovland, intervjua av influensar Jenny Huse i podcasten “Brutalt ærlig”. Intervjuet, som ein kan høyre ved å peike og klikke her, vart publisert under overskrifta “Mener man skal få barn, også etter voldtekt.”
Reaksjonene let ikke vente på seg. Og dei var til dels svært kraftige. Det vart mellom anna sett i gang ein underskriftskampanje med krav om å få kasta Ingrid Oline Hovland frå vervet som nestleiar i KrfU. På fire dagar vart det samla inn meir enn 40.000 underskrifter. Eg skulle likt å vite kor mange av underskrivarane som er medlemer av KfrU, og som faktisk er i posisjon til å stille slike krav…
Ut over det er det ikkje måte på kor folk som er kritiske til det ( dei meiner ) ho sa, har vore harde i klypa. Det kan hende mest nedrige uttrykket for usemje og kritikk, er innlegga ( ja, eg har lese fleire innlegg av denne sorten ) som meiner at Ingrid Oline Hovland sjølv burde ha blitt valdteken.
Eg vart litt nysgjerrig på kva som låg bak desse heftige reaksjonane, og bestemte meg for å høyre heile intervjuet. Det var på godt og vel tretti minutt, og spørsmåla om abortsynet hennar opptok om lag fem minutt av dette.
Likevel var det det utsegna om abort etter valdtekt som kom i fokus, truleg grunna overskrifta på podcasten, som altså var: “Mener man skal få barn, også etter voldtekt.” At Jenny Huse har synt godt kremmarinstinkt ved å ordleggje seg slik, er merksemda podcasten har fått, eit godt prov på.
Men var det eigentleg dette som vart sagt? Eg har teke meg den fridomen å skrive ned spørsmålet Jenny Huse stilte, og svaret Ingrid Oline Hovland ga, og attgir dei ordrett her:
Jenny Huse: “… Sett ut ifra dagens ståsted: Dersom du blir voldtatt og blir gravid, mener du at man burde bære [fram] barnet?”
Ingrid Oline Hovland: “Eg meine at man burde det.”
Ein skal ikkje ha store kunnskapar om bruken av norske modale hjelpeverb for å sjå at det er meir enn ein nyanseskilnad mellom overskrifta til Jenny Huse og innhaldet i svaret frå Ingrid Oline Hovland. For min del trur eg ikkje at val av verb er tilfeldig – Jenny Husa veit nok godt kva som får folk til å engasjere seg, og dermed skape blest om podcastane ho lagar – og dermed fleire klikk og høgare annonseinntekter.
Det høyrer med til historia at i forkant av dialogen som her er attgitt, snakka Ingrid Oline Hovland om dei dilemma som ho som politikar må forhalde seg til når dette emnet kjem opp. Ho var klår på at dette er ei interessekonflikt mellom den gravide og det ufødde barnet, der utfallet uansett vil vere gjennomgripande for begge partar. Og ho var klår på at i dette spørsmålet vog omsynet til det ufødde barnet svært tungt for henne.
Dersom fleire hadde teke seg tid til å høyre kva ho faktisk har sagt om saka i dette intervjuet, vil eg i det lengste tru at fleire kunne sjå at nokre av dei mest brutale skildringane av henne som person, i beste fall er sterkt usaklege.
Men bak det heile kan sikkert Jenny Huse hygge seg med gode inntekter frå annonsørane som får merksemd frå publikum som frekventerer denne podcasten.
Det er då, ærleg talt, alltids noko – i alle fall for Jenny Huse.
