I eit Facebookinnlegg den 21. september – sjå skjermdumpen attmed – beklagar Carl I Hagen seg over den merksemda som svenske Greta Thunberg vert gitt. Han skriv : «Den 16-årige jentungen Greta Thunberg blir nå lyttet på som en fremragende klimaforsker! Helt utrolig og burde få enhver oppegående voksen person til å tenke seg om.» 

Det er ikkje vanskeleg å kjenne att Hagen sin hersketeknikk her : Han omtalar Greta Thunberg som «ein jentunge». Det er neppe sagt i velvilje. Til det vil eg berre seie : Det er ikkje vanleg at «jentungar» slepp til i store og viktige politiske fora, men det skjer. Den forrige «jentungen» eg kan kome på som gjorde dette, var Malala Yousafzai, som fekk Nobels fredspris i 2014. Men Carl I Hagen har kan hende motforestillingar mot at ein «jentunge» skulle få den prisen også?

Når det så gjeld den andre påstanden hans, den om at Greta Thunberg vert lytta på som ein framragande forskar, så er det med all respekt å melde, berre tull! Alle veit kven ho er og kva bakgrunn ho har, og eg vil tru at ein kvar oppegåande person klarar å skilje mellom påstandar ho kjem med i eigenskap av den ho er, og fagleg funderte fakta frå framragande forskarar.

At Greta Thunberg seier noko anna enn «stadig fler forskere og professorer som påpeker at det ikke er noen klimakrise» (sitat frå Hagen sitt facebookinnlegg) betyr berre at ho trur på det overveldande fleirtalet av fagfolk verda rundt som hevdar at vi står ovanfor ei fårleg utvikling av klimaet på jorda.

Og at Greta Thunberg seier det same som desse forskarane, er ikkje det same som at forskarane tek feil.

Om biletet oppe: Eg ville ha eit bilete som var ein kommentar til teksten min, men eg har ikkje lyst til å publisere meir av Carl I Hagen sin kontrafei på heimesida mi enn det eg alt har gjort. Difor fann eg eit anna bilete som eg synest passar.

Den avbilda bysten, som på norsk heiter «Hyklar og baktalar» er laga av den tysk-austerrikske bilethoggaren Franz Xaver Messerscmidt – han kan du lese meir om ved å peike og klikke her.

Meir informasjon om fotografiet finn du ved å peike og klikke her.

Det kan verte mykje ulyd når gamle gubbar grin