I det siste har eg registrert at ein og annan facebookvenn har delt ein artikkel frå nettstaden document.no, som fortel om ein studie gjennomført av forskarar ved «det prestisjefylte Massachusetts Institute of Technology (MIT)», som artikkelforfattar Geir Furuseth heilt korrekt skriv. I artikkelen sin har han prisverdig nok lagt inn ein peikar til ein referanseartikkel frå MIT, som gjev lesaren eit betre innsyn i studien.

Det var med interesse eg las artikkelen frå MIT. Spesielt beit eg meg merke i dette : “On the one hand, it’s good because we know that today’s global warming will eventually be canceled out through this stabilizing feedback,” says Constantin Arnscheidt, a graduate student in MIT’s Department of Earth, Atmospheric and Planetary Sciences (EAPS). “But on the other hand, it will take hundreds of thousands of years to happen, so not fast enough to solve our present-day issues.”

Omsett til norsk vert dette: «På den ene siden er det bra fordi vi vet at dagens globale oppvarming til slutt vil bli kansellert gjennom denne stabiliserende tilbakemeldingen,» sier Constantin Arnscheidt, en doktorgradsstudent ved MITs avdeling for jord-, atmosfære- og planetvitenskap (EAPS). «Men på den annen side vil det ta hundretusenvis av år å skje, så det er ikke raskt nok til å løse våre nåværende problemer.»

Merkeleg nok (?) har ikkje Geir Furuseth vald å dele den informasjonen med lesarane sine. Det ber kommentarfeltet etter artikkelen preg av. Her får folk som er bekymra for klimautviklinga verkeleg passa sine påskrivne. Eg lar dette innlegget stå som eit døme på kva ein kan finne av kommentarar her:

«Jeg venter i åndeløs spenning på at klimasekten skal endre sitt mantra. «Don’t look to science, science leads to blindness».

Alle sekter truer sine medlemmer med at all utenforstående informasjon er så farlig at det vil bli iverksatt sanksjoner mot den som bringer kjettersk tankegods inn i sekten. Det vanligste er å ekskludere kjetterne, og forby øvrige medlemmer å holde kontakt med dem. Klimasekten sitt presteskap skiller seg ikke stort fra verken Jehovas Vitner eller Scientologene i sin metodebruk.

Skremselspropagandaen når sine helt parodiske høyder når en type som Guterrez holder svovelprekener om et nært forestående klimahelvete hvis vi ikke vender om i tide. Det er både flaut og pinlig at Barth Eide og hans likesinnede flyr rundt og later som om de tror på dette våset.

Værgudene har levert varene i millioner av år, klimaprofetene leverer ikke annet enn regninger på milliarder av dollar.»

Eg kan forstå dei som med utgangspunkt i artikkelen til Geir Furuseth kritiserer folk som er bekymra for klimautviklinga. Slik han har framstilt studien ved MIT, kan det sjå ut som at naturen sjølv evnar å ordne opp i dei klimatiske utfordringane vi står ovanfor. Og det er noko heilt anna enn det forskarane sjølve har uttrykt.

Eg kan sjå tre moglege årsaker til at Geir Furuseth har formulert seg slik han gjorde:

  • Han har ikkje lese heile artikkelen frå MIT, og dermed ikkje fått med seg alt som stod der.
  • Han har ikkje forstått innhaldet i artikkelen, og dermed gått glipp av det som stod der.
  • Han har forstått innhaldet i artikkelen, men ynskjer ikkje at folk som les det han skriv, skal få kjennskap til det.

Latskap? Manglande kunnskap? Manipulering? Eg veit ikkje. Uansett er dette eit døme på slett journalistikk.

Det er ein grunn til at eg er skeptisk til artiklar som vert publisert i document.no.

Biletet oppe på sida er dessverre såre passande til emnet. Det syner ei forvrengt attgjeving av ein husfasade.
Biletet er publisert med løyve. (CC0)

Document? NO!