Sylvi Listhaug har no fleire gongar anklaga Jonas Gahr Støre for å lyge. Mi forståing av verbet «å lyge» er at ein mot betre vitande  hevdar noko som ikkje er rett. For meg ser det dermed ut som at Sylvi Listhaug anklagar Jonas Gahr Støre for å kome med påstandar han veit det ikkje er hald i.

Eg har ikkje fått med meg kva saker det er Støre etter Listhaug si meining skal ha loge om, og skal difor avstå frå å ha synspunkt om korvidt påstandane hennar har noko for seg eller ikkje. Men eg har registrert at det er meir enn ei meining om akkurat det.

Så kan ein spyrje seg sjølv om kvifor Sylvi Listhaug finn det rett å kome med slike påstandar om ein politikarkollega. Eg ser to moglege svar på dette:

Det eine er at ho ser seg tent med å sverte ein politisk motstandar, av di ho finn det enklare  å angripe personen i staden for å kritisere politikken han står for, og som ho vil representere eit alternativ til. Så får det vere opp til den einskilde av oss å spekulere på kvifor ho gjer dette valet.

Den andre er at utsegnene hennar er ei form for «fagleg anerkjenning». Som ein vil hugse, måtte Sylvi Listhaug fråtre stillinga som justisminister av di ho kolporterte ei lygn om Arbeidarpartiet. Det var ei lygn som var så grov og usmakeleg at forma og innhaldet i lygna overskugga det faktumet at det var ei lygn.

Men gå, det måtte ho til slutt, sjølv om ho i det aller lengste og med alle midlar ho rådde over, prøvde å klamre seg fast til taburetten. Om ikkje anna synte dette at heller ikkje Sylvi Listhaug kan nytte løgnaktige påstandar lenger enn til eit visst nivå.

Så litt om biletet som illustrerer dette innlegget: Det er måla av den flamske kunstnaren Heronymus Bosch i 1502, og heiter «Tryllekunstnaren» – meir informasjon om biletet finn ein her. Tryllekunstnaren held publikum i ande, medan ein medarbeidar stel pengane frå folk som ser på tryllekunsten.

Moralen er: Når einkvan lagar stor ståhei ved å kome med personangrep på meiningsmotstandarar, kan det vere lurt å fylgje litt med på kva som elles skjer kring denne personen. Det kan tenkjast at den slags påstandar kan fungere som eit nyttig  røykteppe.

Og dersom einkvan skulle meine at tryllekunstnaren i liten grad liknar Sylvi Listhaug, kan det vere på sin plass å minne om at det finnest mange ulike personar i  maktposisjon i FrP. 

Ei fornærming eller ei anerkjenning ?