«Lytt og lær», oppmodar ein facebookven, og deler eit videoklipp der professor i marknadsføring ved Concordia-universitet i Montreal, Canada, Gad Saad, fortel om korleis islam hevdar å vere ein overlegen religion, og at mange muslimar meiner at muslimske herskarar i eigenskap av å vere tilhengarar av denne overlegne religionen er sette til å styre over folk og land verda over.
Filmklippet syner at den gode Gad Saad må vere ein dyktig person innan fagfeltet sitt, som altså er knytt til marknadsføring og brukarrespons. Han framlegg argument for synet sitt, som det i all rettferds namn ser ut til at han stort sett har dekning for ( med i alle fall eitt unntak, etter det eg kan sjå: Det stemmer at Islam kom til Iran til fortrenging for Zoroastrismen, medan den andre religionens han påstod vart fortrengd, Baha’i, eksisterte ikkje på dette tidspunktet ), men let til dømes vere å nemne at jødedomen si framstilling av jødefolket som «Guds utvalde folk» vert nytta som grunngjeving for at jødiske nybyggjarar tek seg til rette utanfor Israel sine offisielle grenser, at kristen misjon og kolonisering gjennom fleire hundre år gjekk hand i hand, og at politisk profittering på religiøst tankegods syner at det å vurdere menneske i tråd med religionen dei måtte vedkjenne seg til, er eit fenomen islam slett ikkje er åleine om.
Eitt av argumenta Gad Saad kom med i videoklippet, var at det finnest dei som meiner at Andalucia i Spania, som i rundt sju hundre år var muslimsk til dess muslimar og jødar vart jaga ut av landet i 1492, bør verte muslimsk igjen. Tilliks med alle andre område som ein gong har vore muslimske.
Slike folk finnest sikkert – det veit eg lite om. Men eg veit om eit anna folk, som vart jaga ut av landet sitt rundt år 70, og som i alle år seinare har drøymd om å vende attende. Det fekk dei høve til, i 1948. Seinare har dei på ulikt vis gjort området dei reknar som sitt, stadig større. Og det held dei på med framleis.
Det er dokumentert hinsides all tvil kva staten Israel i denne stund held på med på på Gaza. Kva ord ein vel å setje på ugjerningane, er underordna. For nedslakting av uskuldige sivile er nedslakting av uskuldige sivile, uansett korleis ein snur og vender på det, og uansett kva ord ein vel å bruke på dette.
Det er også dokumentert hinsides all tvil kva som skjer på Vestbreidda, med aktiv støtte frå den Israelske staten.
Så stemmer det dessverre at tilhøva for kristne er kritisk vanskelege mange stader i verda. Forfylgjing av kristne skjer i stor skala i mange muslimske land, og det er heilt sjølvsagt at dette er noko som ein burde hatt langt større fokus på og arbeidd politisk med for å få slutt på. Våre vestlege politikarar har ei lite ærefull historie å syne til her.
Eg kan heller ikkje sjå at det har vore nemneverdig fokus på forfylgjing av muslimar, slik ein til dømes veit skjer med rohingaane i Myanmar, til dømes. Med omsyn til å stille opp for dei, har vi ikkje mykje å rose oss for, der heller.
Men det kan ikkje vere slik at ein overgripar ikkje skal kunne kritiserast av di andre overgriparar har sluppe unna. Og dersom einkvan vil kritisere andre for å meine at dei av ein eller annan grunn er meir verdfull enn andre, så bør ein ikkje teie når dei ein sjølv assosierer seg med, ser ut til å agere på akkurat same vis.
Det er kan hende på tide å minne om den gamle historia med auget og splinten og bjelken…
