Den 26. juni la NRK ut eit intervju med Sylvi Listhaug, der ho går inn for at ei ny, borgarleg regjering skal innføre strenge tiltak for «problemelevar» i norsk skule. Spesielt nemner ho tvangsflytting av elevar og etablering fleire spesialskular. Ho går også inn for å etablere nivådelt undervisning i alle norsk, matematikk og engelsk.

For ein gamal lærar med meir enn 35 års røynsle i klasserommet var dette rystande lesnad. Ein skal ikkje legge skjul på at mange skular slit med einskildelevar eller mindre grupper av utagerande  elevar som kan gjere skuledagen svært vanskeleg for medelevar og lærarar. Og det er heilt klårt eit behov for å setje i verk tiltak som kan motverke dette.

Men å sende desse elevane vekk til eit miljø som vil vere framandt for dei, er etter mitt syn eit tiltak som er både upedagogisk og inhumant.

Tiltaket er upedagogisk av di det tek utgangspunkt i den utagerande oppførselen, i staden for å sjå på kva årsakssamanhengar som ligg bak. Det kan vere mange faktorar som har bidrege til at ein elev er utagerande. Nokre av dei kan vere knytt til barnet sitt oppvekstmiljø, andre kan vere knytt til barnet sjølv.  Men uansett må tiltak setjast i verk med utgangspunkt i kva faktorar som ligg bak den utagerande oppførselen. Det er er ikkje gitt at tvangsflytting av elevane vil bidra til å gjere ein elev mindre utagerande. Då har ein ikkje gjort anna med problemet enn å flytte det.

Tiltaket er inhumant av di det ikkje er gitt at det vil vere til barnet sitt beste.  Det kan vere på sin plass å sitere frå Kunnskapsdepartementet sine kommentarar som det er synt til i artikkelen: «Et kjennetegn med denne elevgruppen er at det er sårbare elever med ulike diagnoser som trenger oppfølging.» Ein kan – og bør – spørje seg om eit så inngripande tiltak som tvangsmessig flytting, alltid vil vere til gagn for barnet. Dei fleste vil nok kunne tenkje seg kva svaret er.

Så litt om nivådelt undervisning. Det har vore prøvd før. På seksti- og syttitalet hadde ein i Noreg noko ein kalla kursplandeling i norsk, engelsk og matematikk. Dette var på ungdomsskulen.

Det var fleire grunnar til at dette opplegget vart skrinlagt. Ein viktig grunn var at det i praksis var vanskeleg å gå frå det enklaste nivået til meir avanserte nivå, noko som gjorde det vanskeleg for einskilde som hadda vald «feil» kursplan å velge eit opplæringsløp som dei ynskte og hadde føresetnader for å meistre. Ein annan viktig grunn var at ein såg at det faktisk var mogleg å leggje til rette for individualisert undervisning i ein klasse – gitt at det var nokre suksessfaktorar til stades.

Ein faktor er å ta i bruk læreverk som legg til rette for individualisering. Slike finnest i dag, både innan norsk, engelsk og matematikk.

Ein annan er å syte for tilstrekkeleg med personalressursar. Det skal ikkje stor reknekunnskap til for å finne ut kor mykje fokustid ein elev i ein klasse med tretti elevar kan få i løpet av ein skuletime på 45 minutt. Ein treng heller ikkje stor fantasi for å tenkje seg at i ein slik situasjon vert individualisert undervisning ein utopi.

Det bør også leggjast til at ei ordning med tvungen flytting av elevar eller overføring til spesialskule nok kan løysast i kommunar med tett busetnad og små avstandar. I meir langstrakte og grisgrendte kommunar vil dette vere svært vanskeleg å få til, utan at tiltaka vert svært inngripande i livet til borna dette måtte vere aktuelt for.

I intervjuet er Sylvi Listhaug presentert for problemstillinga, og svaret hennar er attgitt ordrett her: «Det må man tilrettelegge på den måten som man kan. Enten i samarbeid med nabokommunen eller på en bedrift eller på annet vis. Dette må tilpasses den enkelte.»

Akkurat.

Partiformannen har altså forstått at det er mogleg å finne andre løysingar enn dei ho skisserer, basert på lokale føresetnader, og aller helst – får vi håpe – med utgangspunkt i den aktuelle eleven sin situasjon.

I intervjuet har ho alt signalisert at partiet er villig til å bruke meir ressursar på skulen for å få til ei endring.

Då står det att å sjå om ho vil nytte desse ressursane klokt, eller ynskjer å nytte dei slik ho antydar i intervjuet at dei skal verte brukt.

Illustrasjonane til dette innlegget er eit «frenologisk kart» over dei ulike delane av hjernen. Frenologi er ein vitskap som har ein del til felles med skulepolitikken Sylvi Listhaug meiner skal gjere den norske skulen betre.

Er det ein sorteringsskule vi vil ha?