Neida, dette innlegget skal ikkje handle om religion. Sjølv ikkje om ein og annan kan hende vil hevde at innlegget legg for dagen ei nærmast religiøs tilnærming til temaet som vert teke opp.

Og temaet er klimaendringar, og mennesket sin påverknad på desse.

Så kvifor denne overskrifta? Ho er eit sitat frå ein salme av Petter Dass, “Herre Gud, ditt dyre navn og ære”. Andre verset i salmen vert innleidd slik:

“Gud er Gud, om alle land lå øde,
 Gud er Gud, om alle mann var døde.”

Det “Herr Petter” her påpeikar, er at det finnest fenomen som eksisterer uavhengig av oss menneske, uavhengig av vår eksistens, uavhengig av kva vi måtte meine om desse fenomena. Petter Dass tenkte på Gud.

I denne samanhengen tenkjer eg på naturlovene.

Dei let seg ikkje rokke av oss menneske. Men somme tider kan vi nytte dei til eige beste. Andre gongar nyttar vi dei på måtar som har konsekvensar som ikkje gagnar oss.

Utslepp av drivhusgassar er eit døme på det siste. Effekten har vore kjent lenge – sjå denne artikkelen – og med åra har forskarane fått betre og meir detaljert kunnskap om samanhengen mellom utslepp av drivhusgassar og auka temperatur på jorda.

Og at gjennomsnittstemperaturen på jorda har stige, er eit fenomen så veldokumentert at det neppe kan vere mange som ikkje har fått det med seg. Det kan sjå ut som at mange av dei “klimarealistane” som tidlegare fornekta dette, no har trekt seg attende frå fyrstelinje til andrelinje og heller hevdar at den temperaturauken dei ikkje lenger kan fornekte, i alle fall ikkje er menneskeskapt.

Det må dei gjerne tru. Men det er interessant å sjå kva alternative teoriar som vert presenterte som forklåringar på fenomenet. Eg skal ikkje henge folk ut ved å attgi nokon av desse forklåringane her, men eg oppfordrar alle med ein viss interesse for emnet, til å sjå på desse teoriane med eit kritisk blikk. Var ikkje emnet så viktig, hadde det vore fornøyeleg lesning.

Så har vi dei som meiner at heile klimasaka er ei motesak, ei døgnflue, og at engasjementet av den grunn har dabba av. 

Det er då eg vil minne om teksten til Petter Dass. Klimaendringane er høgst reelle, uansett om vi bryr oss om dei eller ikkje. At engasjementet vårt i klimaspørsmål tilsynelatande ikkje er like stort som tidlegare, er fullstendig irrelevant for prosessane som skjer i miljøet vårt.

Det kan sjå ut som om vi menneske berre sånn måteleg orkar å engasjere oss i saker over tid. Ta til dømes krigen i Ukraina: Då Russland gjekk til åtak på landet, var overskriftene i avisene store, og mediedekninga enorm.  I dag har denne krigen, som no rasar på  femte året, ein langt mindre plass i nyhendebiletet enn då krigen starta. Men krigen rasar framleis, like intenst, og med store materielle og menneskelege kostnadar.

Og berre for å ha nemnt eit anna døme: Skulle ein ta utgangspunkt i kor opptekne folk og media i Noreg er av situasjonen i Sudan, kunne ein kome til å tru at dette er snakk om ein liten tvist med ei og anna væpna trefning mellom partane. Men den reelle situasjonen for folk i Sudan kan ein lese om her.

Nei, klimasaka er inga døgnflue. Den er ein kamp som vi ikkje må slutte å ta på alvor. Konsekvensen kan i verste fall verte slik Petter Dass skildra:

“Gud er Gud, om alle land lå øde,
 Gud er Gud, om alle mann var døde.”

Eller sagt på ein annan måte: Naturlovene fungerer slik dei gjer, anten vi likar det eller ikkje. Anten vi lever, eller ikkje.

 

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av måleriet “The Ancient of Days” av den engelske målaren William Blake. Meir informasjon om biletet finn du her.

Gud er Gud, om alle land lå øde…