I 2004 kom filmen “Der Untergang” på kino. Filmen, som skildrar Adolf Hitler sine siste dagar, vart gjenstand for mykje debatt i si tid – og for kritikk. Mykje av kritikken retta seg mot den sveitsiske skodespelaren Bruno Ganz og hans framstilling av Hitler. Mange meinte at Bruno Ganz framstilte Hitler på ein for flatterande måte, som eit samansett menneske med både gode og dårlege sider, og ikkje som det monsteret historia gjerne framstiller han som.
Personleg er eg usamd i den kritikken. Ikkje av di eg vil underkjenne eller forsvare dei monstrøse ugjerningane Hitler la opp til og hadde ansvar for, men av di eg trur at det å framstille Hitler som eit menneske og ikkje einsidig som eit monster, er kimen til ein viktig lærdom: Det finnest sikkert andre menneske der ute, med dei same personlege føresetnadane som Hitler hadde til å påføre oss dei same lidingane som han i si tid påførde folk. Gitt at dei får sjansen.
Sommaren 2025 har eg sett ein dokumentarserie på NRK, «De som kjente Hitler». Serien er sett saman av intervju med ulike einskildpersonar som i ulike samanhengar og i ulikt omfang hadde møtt Hitler. Eg skal ikkje seie stort meir om serien her enn at eg vil oppmode alle som måtte ha eit snev av interesse for historie, til å sjå han sjølv.
Men eg kan seie litt om kva serien lærte meg, både om Hitler, om dei som stod kring han, og om tida dei levde i:
Hitler må ha vore ein svært karismatisk person, som evna å blende sine omgjevnader i den grad at han gjorde dei blinde for dei mørke sidene ved det han stod for, og det han gjorde. Og han må ha vore svært medviten om dei karismatiske evnene sine, og om korleis han kunne nytte dei til sine føremål.
Og samtida hans og samfunnet han levde i synte seg å vere ein fruktsommeleg grobotn for tankegodset han målbar. Tilhøva for mange menneske i Tyskland i mellomkrigstida var trøsteslause, med stor arbeidsløyse og sosial naud. Då er det ikkje til å undrast over at folk slutta opp om ein leiar som på overtydande vis fortalde dei at han, og berre han, kunne leie folket sitt ut av det elendige tilveret dei hadde.
Det er lett å gløyme at Adolf Hitler sitt nasjonalsosialistiske parti vann fram på demokratisk vis. Men det var det som skjedde. Partiet kom inn i Riksdagen som det største partiet. Men då det fyrst hadde fått fotfeste og makt, tok arbeidet til med å demontere dei demokratiske og samfunnsberande institusjonane. Vi veit alle kva for ein suksess den prosessen var. Tyskland vart forvandla frå eit demokrati til eit despoti.
Og eit utslag av dette var at Hitler sitt maktapparat uhindra kunne forfylgje, og etter kvart fjerne, folk som av ulike grunnar ikkje passa inn i hans mal for kva eit idealmenneske skulle vere. Politiske motstandarar vart trakasserte og etter kvart internerte. Mange av dei kom ikkje frå dette i live. Det same skjedde med menneske som tilhøyrde andre etniske eller religiøse grupper, folk med annan seksuell legning, menneske med ulike funksjonshemningar. Grunnen: dei var som dei var.
Dette foregjekk i stor, nærmast industriell, skala. Konsekvensane kjenner vi.
Korleis kunne slikt skje? Var det ingen som kunne stå imot? Kan hende er noko av svaret på dette å finne i ei av dei siste utsegnene i siste episoden. Det handla truleg om personleg mot, eller mangel på slikt. Og motstand vart stadig vanskelegare og stadig fårlegare for dei som prøvde å yte motstand.
Eg trur ikkje Hitler var eineståande på den måten at han har vore den einaste leiar i historia som var i stand til valdeleg maktutøving på eit nivå som hans. Det er fullt mogleg å namngi andre leiarar som har fylgd, og framleis fylgjer, ei slik line.
Og vi har ingen garanti for at den slags ikkje kan skje andre stader også. Tyskland kan stå som eit eksempel på at eit relativt velutvikla samfunn som på få år fullstendig endra karakter. Det fekk fleire generasjonar tyskarar svi for.
Men alt starta i det små. Og for oss som ikkje vil ei slik utvikling handlar det om å vere på vakt. For som Otto Nilsen minnar oss om i visa si om Adolf Hitler – «He is dead, but he wont lie down» :
Vi har ingen garanti for at slikt ikkje kan skje igjen.
Biletet oppe på sida er henta frå Wikimedia Commons,
og er attgitt med løyve.
