Ingen er skjerma for smerte. Vi kan gjere vårt beste for å unngå den. Men så kjem dagen der vårt beste ikkje var nok, likevel. Eller noko vondt skjer som vi ikkje kunne noko for, eller som vi ikkje kan gjere noko med. Vi må berre gi oss over til smerten. Leve i han. Lide i han.

Kva då?

Eg trur at det einaste vi då kan gjere,
er å håpe på at vi skal halde ut.
Eitt andedrag om gangen.
Eitt minutt om gangen.
Ein time om gangen.
Ein dag om gangen.

Og til slutt er vi på eit vis komne gjennom det som gjorde oss så vondt. Smerta er kan hende med oss framleis. Men vi har etter kvart røynt at vi er i stand å halde ut det som er vondt. Eg trur det er dette “Dagens ord” handlar om:

Dagens ord er vart
og varsamt
og går stilt i døra
der det kjem listande
med lyset
og kviskrar:
Det skal nok gå.
Me tek eit andedrag
i lag.

 

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Helge Torvund : Dagens ord