Cembalomusikk slik ein sjeldan høyrer han spelt.

Lutt-cembaloet er eit instrument ein veit lite om, ut over at det har eksistert. Truleg var det ikkje så vanleg på 1700-talet, heller. Men ein har i det minste nokre skriftlege kjelder som beskriv korleis det har vore laga. Johann Sebastian Bach har mellom anna beskrive det eine av dei to lutt-cembaloa han sjølv eigde.

Og det er musikk av Bach vi får høyre på denne innspelinga, som er utgitt på NAXOS med arkivnummer 8.570470-71. Tre suiter som eigentleg er skrivne for lutt, samt nokre andre komposisjonar som er skrivne for cembalo.

Musikken vert framført av Elizabeth Farr, som har spesialisert seg på framføring av musikk for klaviaturinstrument frå denne epoken. Og ho gjer det stilsikkert og smakfullt. Ho framfører musikken på ein måte som gjer at det faktisk er råd å få med seg kva som skjer. Ho er flink til å variere klangen i instrumentet gjennom å veksle mellom dei tre ulike strengesetta instrumentet er utstyrt med. På denne måten kan ho simulere effekten som ein luttspelar oppnår veg å klimpre på ein streng tett inntil stolen, eller lenger frå.

Dekoren på instrumentet som er nytta.
Dekoren på instrumentet som er nytta.

Instrumentet ho spelar på, er bygd av den amerikanske instrumentmakaren Keith Hill. På heimesida hans kan ein lese meir om han. Instrumentet har ein heilt særeigen, rund klang, truleg takka vere strengane, som er av gut og ikkje metall.

I det heile er dette ei innspeling som kombinerer mange kvalitetar : Bach sin seriøse musikk, Elizabeth Farr sin fine spelestil, eit usedvanleg velklingande instrument, og ein lydmessig god produksjon.

For dei som ikkje er vande med slik musikk, kan denne doble CD-en vere ein fin inngangsport. For dei som er meir fortrulege med musikken, kan dette vere ei spanande utviding av lyttereportoaret.

Her kjem ein liten smaksprøve :

J.S.Bach : Music for Lute-Harpsichord