Litt om å lytte til Juleoratoriet
Mange har nok vore i ei kyrkje eller ein konsertsal for å høyre Juleoratoriet, eller har planar om å gjere det. Det som er vanleg, er at ein framfører det i to delar, der dei tre fyrste kantatane vert framførte på ein konsert, og dei tre siste kantatane på ein annan konsert. Det er naturleg å gjere det slik, for det gjer at ein får konsertar av høveleg lengd. Å framføre alt på ein kveld kan verte vel mykje, og å fordele det på seks ulike dagar slik det i si tid vart framført i Leipzig, er ikkje praktisk.
Men høyrer ein det på ei innspeling heime, kan ein velge kor mykje ein vil høyre om gangen, og eg synest det kan vere lurt å tafor seg ein og ein del av oratoriet. Det gjer at ein kan fordjupe seg betre i det ein høyrer, og ein kan ha fokus på dei ulike emna som Bach handsama i dei einskilde delane.
Nedunder er peikarar til ein liten omtale av kvar av desse seks kantatane, med musikkdøme henta frå ulike framføringar av oratoriet.
Eg må leggje til at desse omtalane berre er å sjå på som rit i overflaten. Dels skuldast dette formatet: Det er grenser for kor stor ein nettartikkel bør vere. Men eg må nok innrømme at eg knapt har kompetansen til å gi eit fullt dekkande innsyn i alle dei aspekt som er ved Juleoratoriet.