Det er ingen grunn til å skjule at alle dei nye personane som skal takast vare på, er ei utfordring for samfunnet vårt, og dermed oss. Så kva gjer vi ?

Eg trur vi må sjå at innsatsen består av fleire nivå, med til dels svært ulike aktørar :

Staten set rammer for kven som skal få bli, og kven som skal returnerast. Ut over dei som Noreg er traktatsforplikta til å ta hand om, og dei Noreg har gitt FN lovnad på å ta imot, vil det alltid vere ein del personar som av ulike andre omsyn også bør få bli.

Kva rammer dette er og korleis dei skal etterlevast, er til dels eit politisk spørsmål, og eg synest det er bra at dette vert teke tak i no, vinteren 2016. Ikkje minst kan ein håpe på at det vert større sosial aksept for at dei som vert innvilga opphald, faktisk er berettiga til det.

Kommunane er tillagt eit ansvar for å leggje til rette for busetjing, og det er lagt opp til at alle kommunar vert bedne om å ta imot flyktningar og asylantar. Eg trur dette er klokt. På den måten kan ein forebyggje at innvandrarar klumpar seg saman i enklavar og utviklar eigne subkulturar, slik ein ser har skjedd til dømes i Sverige, med Malmø som eit skrekkens eksempel.

Men det føreset at kommunane får tilstrekkeleg med ressursar stilt til rådvelde. Slik det er i dag, vert det å ta imot nye flyktningar og asylantar ei ekstra bør for kommunane, som dei i ulik grad ser seg i stand til å bere. Resultatet er openberrt : Det er i dag manko på bustadar og opplegg for tusenvis av menneske som har bruk for det. Og det er ingen ting som tyder på at den situasjonen vil verte endra på kort sikt.

Difor meiner eg at kommunane må få økonomisk ryggrad til å ta på seg desse oppgåvene, ved ei fullfinansieringsordning. Til gjengjeld bør staten kunne forlange at kommunane i større grad tek sin del av ansvaret med busetjing, slik at dei som skal ha eit tilbod, får eit skikkeleg tilbod.

Og endeleg har kvar einskild av oss eit individuelt ansvar. Det er oss dei skal møte i den nye kvardagen sin, dei som kjem hit til eit nytt og ukjent land. Det er vi som i praksis vil danne rammene for det sosiale livet dei får. Det vert vår måte å møte dei på som vil vere suksessfaktoren for i kva grad dei vert ein del av samfunnet dei lever i.

Eg trur det er mykje vi kan gjere for å skjøtte ansvaret vårt på ein god måte. Spesielt er det to faktorar som eg trur er viktige. Den eine handlar om kva forventningar vi møter flyktningar og asylsøkjarar med, og kva signal vi sender om dette før dei kjem til oss. Den andre handlar om korleis vi ter oss når dei er komne og skal leve sine liv på same staden som vi skal leve våre liv.

Dette siste vil eg skrive litt meir om i detalj på dei neste sidene.

Biletet på toppen av sida : Japanske gjøglarar minnar oss om at det går an å gjere fleire ting samstundes.
Foto : Marie Brown, US Air Force. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

<< Er det meir kostnadseffektivt å hjelpe folk «der dei er» ? Kva forventningar har vi ? Kva signal sender vi ? >>
Korleis handsamar vi situasjonen vi står oppe i ?