Eg driv og ryddar på heimesida mi. Det burde eg ha gjort oftare.
I løpet av åra har eg skrive god ein del artiklar, som eg har publisert her. Nokre artiklar synest eg etter kvart har misst aktualiteten sin, så då er det kan hende ikkje så dumt å ta dei vekk. Men ein og annan artikkelen synest eg fortener å stå, sjølv om han kan vere nokre år gamal.
Difor denne sida. Her vil eg leggje ut peikarar til artiklar av litt eldre dato og med ulik tematikk. Så får den som har lyst, gå laus og sjå om det er noko av interesse eller noko å irritere seg over her.





















