Det er noko dei fleste menneske truleg har felles: På eitt eller anna tidspunkt i livet forstår vi at vi skal døy. Vi tek inn over oss at livet vårt har ein ende. Men vi veit ikkje når, og vi veit ikkje korleis. Og vi veit ingen ting om kva som skjer etterpå, for det er ingen som har døydd, som har kome attende til oss levande og fortald korleis det var å døy.
Men å stille spørsmål om det, kan vi alle. Og når vi no markerer Allehelgenssøndagen, er kan hende tida den heilt rette til å grunne litt over desse spørsmåla: Kva skjedde med dei som har gått ut av livet før oss? Kva skal skje med meg og dei som kjem etter meg når «vår tid» er inne?
Vi kan ikkje vite. Men vi kan tru. Og eit vakkert uttrykk for slik tru fann eg i dette diktet av Eyvind Skeie. I løpet av dei to fyrste versa målber han ei erkjenning og dei spørsmåla som eg ikkje trur eg er åleine om å stille. Det siste verset er eit svar, gitt med utgangspunkt i den kristne trua og håpet.
Så får kvar og ein av oss kjenne etter korleis vi opplever dette svaret.
Det er en tid, og jeg kan se den komme,
jeg skal forlate alt jeg kjenner her,
og mine ting skal overtas av andre,
mitt bord, min stol og kanskje mine klær.
Jeg blir et navn som ikke har en stemme,
mens minnet sakte falmer, år for år,
og de som stod omkring meg og tok avskjed
skal selv bli glemt, i tid som langsomt går.
Jeg spør deg, Gud, i dødens store klarhet,
før jeg skal miste tankekraft og ord:
Hvor finnes tro i gravens mørke hule?
Hva er å se når øyet er blitt jord?
Skal den jeg er bli borte uten avtrykk
og min erindring slokne i et gys?
Gi meg et tegn og si meg, hvis du klarer,
at bak det store mørket er det lys.
Du er mitt barn. Jeg fastholder din væren
når tiden kapsler seg og er forbi,
for jeg har elsket deg fra verdens opphav
og i mitt hjerte var du alltid fri.
Vær ikke redd, men gi deg hen i døden,
så får du liv igjen, for andre gang.
Bak dødens port, i nye dimensjoner,
skal du gå opp i lys og bli til sang.
Eyvind Skeie, 2022
Biletet oppe på denne sida er eit utsnitt av eit måleri, laga av den store, tyske romantiske målaren Caspar David Friedrich (1774 – 1840).
Eg synest dette måleriet på ein særeigen måte høver til innhaldet i diktet: Menneska har nådd så langt som dei er i stand til, og kan ikkje meir enn å sjå framover, og undre seg.
Andre dikt kan du finne ved å peike og klikke her.