Til fleire av artiklane mine har eg lagt ut biletseriar, der kvart bilete vert synt for seg, og etter ei stund skifta ut med eit anna.

 
Til dette føremålet har eg nytta ein plugin som heiter Meta Slider. Lenkjer til bileta som skal vere med, vert lagt inn i eit oversyn i den rekkjefylgja dei skal visast i.

Deretter kan ein bestemme korleis bileta skal presenterast. Då kan ein bestemme korleis bileta skal vere ramma inn, korvidt ein skal kunne navigere mellom dei, osb. Når dette er gjort, legg ein bileta inn på sida der ein vil ha dei, ved å kopiere ein liten metaadresse inn på staden der ein vil ha bileta.Eg har som regel lagt nokre føringar på bileta eg vil bruke. Mellom anna har alle bileta i ein serie, same storleik. Dette er ikkje naudsynt, men det gjer at biletframsyninga vert «rolegare», av di feltet bileta vert synte i, ikkje endrar form eller storleik undervegs.

Ein annan sak er at eg ikkje har fått til å leggje inn slike biletserier på same måte som einskilde bilete, med tekstflyt rundt bileta. Einaste løysinga eg har funne, er å leggje inn ein tabell med adressa til biletserien i ei celle, og teksten i den andre. Det er inga god løysing, trur eg. Men det er den minst dårlege løysinga eg kunne kome på. Finn eg ut andre måtar å gjere dette på, skal eg omarbeide teksten her.

Bileta som er vist i denne serien, tok eg på ein tur til Riva del Garda og Limone i april 2014.

Meta Slider