Biskop Svein Valle har signert eit opprop som oppmodar til boikott av Israel på grunn av måten landet sine væpna styrker har fare fram på Gaza. Oppropet kan ein lese her.

Ikkje uventa har han møtt motbør for dette. Mellom anna har redaktør Vebjørn Selbekk uttrykt dette på sosiale media: «Hvis denne biskopen så gjerne vil være politiker, hvorfor legger han da ikke bort kåpen og melder seg inn i et av partiene på venstresiden? Nå bidrar han i stedet til å politisere den institusjonen der vi alle burde kunne samles uavhengig av politisk syn.» Og også andre har kritisert biskopen for å ha skrive under oppropet.

Men slik eg ser det, har kyrkja alltid vore politisk. I nokre samanhengar har ho vore i opposisjon til makthavarane, andre gongar har ho stått i ledtog med dei.

Når kyrkja har talt makthavarane imot, har utgangspunktet ikkje sjeldan vore etisk grunna, slik ein kan finne i tankegodset i Matt.25.35-40. Kyrkja har teke parti for dei som ikkje hadde anna støtte.

Eit lysande døme på dette er erkebiskop Helder Camara. Han og meiningsfellene hans tok parti for dei fattige og undertrykte i mange land i Latin-Amerika. Det kan seiast mangt og mykje om den kyrkjelege rørsla han var ein representant for. Men upolitisk var ho ikkje!

Det er dei som meiner at kyrkja er mest samlande dersom ho ikkje tek opp saker som det er politisk usemje om. Eg tolkar Vebjørn Selbekk si ytring i den retning.

Sjølv er eg usamd. Eg meiner at dersom ein skal ta Jesu ord på alvor – og det synest eg ein skal – så får det konsekvensar. Praktiske konsekvensar. Og dessutan: er usemje om sak grunn nok til å ikkje ta del i fellesskapen i kyrkja? 

El Greco.1541-1614.
«Jesus rensar tempelet», ca. 1600.
National gallery, London

Det er ikkje sikkert at dei praktiske konsekvensane munnar ut i tiltak som alle synest er like «siviliserte» – jamfør situasjonen på biletet attmed. Men kan hende er det ikkje alternative tiltak.

Vi veit kva situasjonen er for menneska som lever på Gazastripa. Som kyrkje kan vi gjere eitt av to: Snu ryggen til situasjonen og ignorere det som skjer, eller prøve å finne tiltak som kan bidra til ei endring.

For min del vil eg vere tydeleg på at det er bra at kyrkja engasjerer seg, og oppfordrar til handling. Heller det, enn at kyrkja sit roleg på gjerdet i frykt for å verte usamd med einkvan i eigen flokk. Og i dette høvet: Dersom ein meiner at oppropet om boikott av Israel er uklok, så kom gjerne opp med framlegg om betre tiltak.

Minste felles multiplum eller største felles mål?