Den truleg nest mest berømte frisøren i Noreg for tida truar med å trekkje Løgnaslaget for retten dersom dei ikkje sluttar å kalle vedkomande nazifrisør. 

Eg forstår godt at frisøren reagerer med sinne. Eg trur det må vere ubehageleg for dei fleste å oppleve at andre set merkelappar på det ein står for, og kallar det for noko ein slett ikkje vil verte teken til inntekt for.

Kan hende kan det vere ei trøyst for frisøren at vedkomande ikkje er åleine om å ha denne opplevinga. Eg tenkjer då spesielt på dei som får høyre at religionen deira ikkje er ein ordentleg religion, men ein politisk, totalitær ideologi.

Det kan vere freistande å kome med eit døme på at denslags skjer. Søndag 12. februar 2017 skreiv ein person fylgjande på facebooksida si: «Jeg kjemper MOT totalitære ideologier som nettopp Nazisme og Muhammedanisme som er drapsideologier begge to.» Det kjem kan hende ikkje som ei overrasking at sitatet er henta frå facebooksida til nemnde frisør.

Frisøren tek seg med andre ord retten til sjølv å definere kva som ligg i andre folk sitt tankesett, og er villig til å gå til Høgsterett for å hevde retten til dette. Samstundes er frisøren ikkje villig til å gi andre, til dømes Løgnaslaget,  same retten.

På den måten har frisøren gitt seg sjølv eit val med tre moglege alternativ :

  • Frisøren kan insistere på sin rett til å definere kva andre trur og meiner, utan omsyn til kva personane sjølv seier. Men skal det vere likskap for lova, bør frisøren finne seg i at andre utøver same retten.
  • Frisøren kan insistere på sin rett til ikkje å verte tillagt meiningar, haldningar og motiv vedkomande ikkje har. Men skal det vere likt for alle, bør frisøren slutte med å tillegge andre meiningar, haldningar og motiv dei sannsynlegvis ikkje har.
  • Ei tredje løysing kan vere å hevde eigen rett til å definere kva andre står for, og samstundes seie at andre ikkje skal ha same retten. Det vil i så fall vere eit langt steg i retning av å medgi at det Løgnaslaget seier, kan hende ikkje er heilt utan rot i røynda.

Det er sanneleg tre sure eple frisøren har fått å setje tennene i. Eitt av dei må vedkomande velge.

Vel bekomme!

Biletet oppe på sida er henta frå nettsida Pexels.com, og kan nyttast vederlagsfritt. Meir informasjon kan ein få ved å peike og klikke her.

Om å bite i sure eple