Same dagen som avisartikkelen stod på trykk i Bergens Tidende, sende eg avisa eit lesarinnlegg, der eg påpeika nokre av dei meir tvilsame sidene ved artikkelen.

Lesarinnlegget er lagt ut på heimesida mi, og kan lesast ved å peike og klikke her – ein kjem attende hit ved å lukke sida lesarinnlegget vert opna på. Eg la også ut ei lenkje til lesarinnlegget på mi Facebookside. På ti timar har artikkelen fått 100 likes og ti kommentarar, og er blitt delt 18 gongar. Samanlikna med dei store kanonene på Facebook er dette lite, men med tanke på kor lite nedslagsfelt eg har, syner både responsen eg har fått her og annan respons eg har fått, at det er mange som synest avisa har handsama denne saka svært dårleg.

Eg venta i innpå to døgn før eg publiserte innlegget mitt på heimesida mi. Det har sine grunnar :

Bergens Tidende har sine eigne retningsliner for publisering av innsende meiningar. Der heiter det mellom anna – sitat: «BT publiserer ikke tekster som er sendt til andre aviser. Send til kun én avis om gangen!» Med andre ord : Ynskjer ein å få fram eigne meiningar i Bergens Tidende, må ein finne seg i at desse ikkje kan publiserast andre stader før det passar avisa å bestemme seg for om eit innlegg skal trykkjast. Vidare heiter det : «Vi forbeholder oss retten til å redigere innsendt materiale.» Med andre ord : Det er ikkje opp til ein sjølv korleis meiningane ein måtte ynskje å dele med andre, til sjuande og sist vert framstilte.

Eg har ved fleire høve vald å skrive debattinnlegg til Bergens Tidende. Nokre gongar er dei komne med, andre gongar ikkje. Det synest eg er heilt greitt – eg oppfattar det ikkje som ein menneskerett å få innlegg inn i avisa. Eg synest også det er forståeleg at ein ynskjer å hjelpe innsendar til å formulere eit innlegg slik at det framstår som godt språkleg.

Men eg har også støtt på utfordringar : Den eine er nettopp dette med at avisa påberopar seg eit slags monopol på manuskripta, fram til dess dei avgjer korvidt eit innlegg vert publisert eller ikkje. Dette er problematisk når det foregår ein diskusjon. Dei fleste diskusjonsinnlegg er ferskvare. Ved å halde på innlegg, for så å ikkje publisere dei, øydelegg avisa for ein sjanse til publisering andre stader.

Ei anna utfordring er dette med at avisa påberopar seg ein rett til å redigere innhaldet i innlegga dei vil publisere. Eg har opplevd at innlegg eg har sendt inn, er blitt sopass hardt beskorne at dei framstår mest som ein slags språkleg torso. Konklusjonen er gjerne med, men eg har opplevd at argumenta vert tekne vekk eller redigerte til det ugjenkjennelege. Siste gong dette skjedde, valde eg å nekte innlegget publisert. Eg meinte då – og meiner framleis – at kva eg måtte synast om ei sak er nokså uinteressant for dei fleste. Men grunnlaget mitt for å meine det eg gjer, kan kanskje ha større interesse.

Røynslene mine med Bergens Tidende sin praksis når det gjeld korleis lesarinnlegg vert handsama, gjer at eg til tider lurer på om avisa eigentleg er interessert i kva folk meiner, eller om lesarinnlegga berre er ein måte for avisa å skaffe seg billig fyllstoff til avisa – at største verdien lesarinnlegga haar et at det går an å trykke annonsar på baksida. Eg vonar det ikkje er slik.

Meiner Bergens Tidende på alvor at det er viktig med ein debatt – også om ubehagelege emne som til dømes tvilsame sider ved avisa sin eigen journalistikk – bør avisa kan hende gjere det litt enklare for folk å nytte andre kanalar ved å avstå frå kravet om eksklusivitet. Truleg vil folk framleis foretrekke å nytte Bergens Tidende sine debattsider når dei berre får sleppe til, og eg veit ikkje om det skader avisa nemneverdig om eit velskrive og relevant innlegg i ein pågåande debatt også er å finne i aviser som Avskøyværingen, Os- og Fusaposten eller Nordhordland avis.

 

 

Om bruk og misbruk av pressemakt