I det siste har det på facebooksida mi dukka opp fleire referansar til ein kronikk i Sunnmørsposten, skriven av ei Aud Farstad. Kronikken har tittelen “Pride – ei feiring under falsk flagg”, og i ingressen kan ein lese dette: “Det er Pride-månad med flaggheising og paradar og fordøming av dei som er kritiske. Eg er ei av dei, og her er mine argument, skriv Aud Farstad.”
Eg har ikkje ynskje om å fordøme nokon, men eg har brukt litt tid på å sjå nærare på desse argumenta hennar, og vil kome med nokre kommentarar til eit par av dei. Tekstutsnitta i kursiv er sitat frå kronikken til Aud Farstad.
“Den første innvendinga eg har, er storleiken. Om lag ein prosent av nordmenn er homofile. At heile juni er avsett som Pride-månad og at ein berre i Ålesund har sett av ni dagar til feiring, kjennest urimeleg. Til samanlikning har heile nasjonen berre ein einaste dag til å feire fridom og demokrati.”
No er det som kjent ikkje storleiken det kjem an på. Men lat oss ta ein titt på tala Aud Farstad nyttar her. Ho hevdar at om lag ein prosent av nordmenn er homofile. Men offisiell statistikk som ein kan finne på bufdir si heimeside, fortel noko anna. Det vil føre for langt å gå inn i dette i detalj, men det kan vere på sin plass å sitere eit avsnitt frå denne sida til Bufdir : “Avhengig av hvordan vi stiller spørsmål om seksuell orientering i undersøkelser, får vi en andel som varierer fra mellom 5 til i overkant av 10 prosent av befolkningen som er lesbiske, homofile, bifile eller andre seksuelle orienteringer enn heterofil.”
Med andre ord: Skal ein fylgje Aud Farstad sitt eige resonnement om at storleiken på feiringa bør ta utgangspunkt i antalet personar Pride er til for, så er vel ein månad ganske passe – eller kan hende litt i minste laget?
Dernest skriv Aud Farstad fylgjande. “For det andre er det tvangen. Sjølv om dette gjeld vaksen seksualitet skal ein feire i barnehagar og på skular anten ein vil eller ei. Mange av oss meiner dette er skadeleg seksualisering av barn. Dessutan mislikar mange av oss meiningstvang og reagerer sterkt når ein ideologi vert pressa ned i halsen. Eg trur ikkje eg er eineståande i min inngrodde mistanke til det «alle» meiner er den rette tru.”
Her kan det sjå ut som at Aud Farstad ikkje vil eller ikkje kan ta inn over seg at Pride ikkje fyrst og fremst handlar om vaksen seksualitet, men synleggjer eit prinsipp om at vi alle, uansett alder, kjønnsorientering eller legning skal ha høve til å vere dei vi er, utan frykt for stigmatisering.
Det er mogleg Aud Farstad har rett i at “Mange av oss meiner dette er skadeleg seksualisering av barn.” Men å ta utgangspunkt i folk sine fordommar er eit svakt grunnlag for eit argument. Det hadde vore langt meir interessant om Aud Farstad hadde belagt påstanden med ei utdjuping av kva seksualiseringa etter hennar meining går ut på, og kva skadeverkander ho meiner å sjå av dette. På den andre sida: Har ein ikkje godt belegg for eigen argumentasjon, har ein kan hende ikkje råd til å vere kresen.
Så til dette med paradane. Aud Farstad skriv: “For det tredje er det framvisinga av nakenheit og eksponering av seksuelle fetisjar i paradane.” Her må eg seie meg samd med Aud Farstad, for eg ser heller ikkje at eksponering av puppestell og tissefantar i ein parade gagnar dei gode tankane bak pride-markeringa. Så kan ein alltids påpeike at det finnest andre paradar rundt om i verda som eksponerer minst like mykje naken hud utan nokon lear så mykje som på eit augnelok ( eller kan hende det er akkurat det dei gjer, utan å ville innrømme det ? ) av den grunn.
Det vil gå utanfor rammene til ein kronikk som denne, å gå i detalj inn på alle påstandane som Aud Farstad har kome med, men det er grunn til å stogge opp ved eit par til.
Lat meg nemne den kan hende grovaste påstanden: “Mange påstår at etter at kampen for homofile sine rettar var vunne i Vesten, såg organisasjonane seg om nye måtar å halde seg i live på. For kva skulle dei tilsette elles gjere? Så falt valet på trans-personar. Det som kallast LHBT+paraplyen var oppfunnen. No var det brått ein heil skog av minoritetar som skulle ha sine rettar, først og fremst den nye oppfinninga trans-personar.”
Kven desse ”mange” er, seier Aud Farstad ingen ting om, men det er nærliggjande å tru at ho er ei av dei. Men spørsmålet som reiser seg, er dette : Kva byggjer ho påstanden på? Kvar er kjeldene? Dersom det stemmer at Aud Farstad er historikar – og etter det eg kan sjå, kandidat til Bragepris, dessmeir – er det å forvente at ho kan gjere greie for det.
Og dersom ho verkeleg er historikar, burde ho kjenne til at transpersonar er eit fenomen som er langt eldre enn frå då “det som kallast LHBT+paraplyen var oppfunnen”.
Aud Farstad påpeikar at det ikkje står noko om biologisk kjønn i Lov om endring av juridisk kjønn, og det stemmer. Men lova er forbiletleg tydeleg på kven ho er retta mot – jfr. § 2, der det står: “Personer som er bosatt i Norge og som opplever å tilhøre det andre kjønnet enn det vedkommende er registrert med i folkeregisteret, har rett til å få endret sitt juridiske kjønn.” Og tek ein seg tid til å lese heile lovteksten – det tek ikkje mange minutta – så ser ein at lova ikkje på noko tidspunkt tek stilling til biologiske moment i saka. Så er det heller ikkje biologisk kjønn lovar omhandlar.
Avslutningsvis vil få slutte meg til Aud Farstad si oppmoding om at folk ikkje må la seg lure. Og ho avsluttar med fylgjande fyndord: «Ulvar i fåreklede er framleis ulvar.»
Eg synest at innlegget hennar er eit godt eksempel på at vel utforma argumentasjon kan kamuflere at argumenta er svakt funderte. Det kan vere freistande å vri litt på siste setninga hennar, og skrive : “Får i ulveklede er framleis får.”
