Vi skriv 8. juli 2025, og eg ser fram til noko fint som skal skje om to veker: Onsdag 23. juli skal det opnast ei utstilling med ikon i Frøyset kyrkje, Masfjorden. Utstillinga skal stå i knappe tre veker, torsdagar til søndagar, og eg reknar med at eg med unntak av ein dag vil vere utstillingsvakt heile tida.

Dei 20 ikona som skal stillast ut, dannar ein serie, Rosenkransserien. Dette er bilete som på sitt heilt spesielle vis er knytt til ein gamal tradisjon for bøn og meditasjon gjennom bruk av ein krans av ulike perler. Vi finn denne tradisjonen i mange kyrkjesamfunn, og også innan jødedom og islam er ein kjend med rosenkransen.

Bruken av ikon som uttrykk for kristen tru og lære er henta frå austkyrkjeleg tradisjon. Ikonmålaren bak dei utstilte ikona er katolikk. Kyrkja som er ramma for utstillinga, er eit landsens norsk kyrkjebygg, knytt til den evangelisk-lutherske norske kyrkja. Er ikkje dette ein slags kulturell og teologisk miks, som ein burde vere varsam med å lyfte fram?

Kortversjonen av svaret er eit rungande «nei».

Ein litt meir utfyllande versjon av svaret er illustrert i biletet som ein ser oppe på sida. Dette er eit kristusbilete i halvfigur, eit mykje nytta motiv for ikon. Akkurat denne versjonen av motivet ber tittelen «Kristus pantokrator», som kan omsetjast til «Kristus, allherskaren». Herren over alt. Herren over alle.

Herren over alle. Apostelen Paulus skreiv dette i brevet til Galatarane: «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.» Apostelen peikar på at det har ingen ting å seie kva bakgrunn vi har, vi er alle delar av det same fellesskapet. Liknande utsegner finn vi fleire stader i Det nye testamentet. Kva kan det då ha å seie at vi deler tradisjonane våre med kvarandre, og at vi er nysgjerrige på og opptekne av korleis andre formidlar tankane sine?

Skulle ikkje vi kunne lese, skrive og synge på andre tungemål enn vårt eige? Skulle ikkje vi kunne få ta del i tankar og uttrykk for tankar som  har andre røter enn våre? Skulle vi ikkje kunne gjere noko av dette framande tankegodset til vårt eige, og gi uttrykk for at det har skjedd?

Det er sant at vi på mange måtar er ulike. At vi tenkjer ulikt, at vi har ulike meiningar og haldningar til forskjellige sider ved det å vere menneske. Og la det få vere slik. Vi treng ikkje at alle er av same oppfatning om alt. Det vi treng, er å erfare at vi alle, med våre ulikskapar, er delar av eit stort fellesskap.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit fotografi, teke av Feyza Nur, og attgitt med løyve.

Om fellesskap og forskjellar