Omtrent dagleg har eg den tvilsame gleda av å lese fråsegner på sosiale media frå folk som gjerne omtalar seg sjølve som «vener av Israel», der dei med ulik argumentasjon kritiserer folk som står opp og protesterer mot Israel si framferd i Gaza.
Mellom anna er det dei som heftig argumenterer mot bruken av ordet «folkemord» om handlingane Israel gjer seg skuldig i på Gazastripa. Sjølv har eg aldri nytta dette ordet i samband med det som skjer der. Eg synest ikkje det er naudsynt. Handlingane talar for seg sjølve.
For dei som vert drepne av Israel sin våpenbruk, det vere seg av bomber, granatar eller kuler, er nok spørsmålet om ordbruk nokså underordna, vil eg tru. For dei som svelt eller tørstar i hel på grunn av mangel på mat og vatn, for dei som døyr på grunn av manglande tilgjenge til helsehjelp er det nok også heilt likegyldig kva ord folk i andre land vel å bruke om dei uhyrlege tilhøva menneska i Gaza lever under. Det same gjeld også dei som overlever, og som må leve vidare med tapet av sine kjære, og det under dei mest traumatiserande tilhøva ein kan tenkje seg.
Eg mistenkjer at å bruke tid og krefter på kva ord som vert nytta om situasjonen for menneska på Gaza er ein måte å skifte fokus på. Og eg trur dette vert gjort medvite. Men det er viktig å halde oppe fokuset på det som faktisk går føre seg på Gazastripa, og så får ein heller ignorere dei som meiner at språkbruken ikkje høver.
Så har ein dei som peikar på at vi har sett mange andre konfliktar rundt om i verda, der ein ikkje har synt det same engasjementet som for det som skjer på Gaza. Eg har fleire gongar sett oversyn over ugjerningar gjort andre stader i verda, der uskuldige har fått lide.
Felles for desse oversyna er at ugjerningane er utført av islamske terrororganisasjonar. Ugjerningar ikkje-islamske grupperingar har gjort eller gjer seg skuldige i, som til dømes ugjerningane dei militære styresmaktene i Myanmar har ansvaret for, er ikkje tekne med desse oversyna. Ein kan undrast over om dette kan skuldast at ein mellom ofra her finn rohinga-ane, som er ei forfylgd muslimsk folkegruppe…
Og lat meg seie det med ein gong: Det er ikkje vanskeleg å gi kritikarane rett i at fokuset på, og engasjementet i, desse sakene har vore for lite hos oss i Vesten. Men det kan ikkje bety at det er feil å kritisere overgrepa i Gaza. Ein skal ikkje unnlate å kritisere ei uakseptabel handling av di tilsvarande handlingar har gått upåtalt for seg andre stader.
Så var det dette med å slå seg sjølv på kjeften: Argumentasjonen om at kritikk av Israel er feil av di ein ikkje har kritisert overgrepa andre stader, har to sideeffektar, som eg vil tru er utilsikta:
Den eine er at ugjerningane på Gaza vert slått i hartkorn med ugjerningar andre stader, ugjerningar som utvilsomt burde ha fått større merksemd og vore utsett for meir kritikk. Ein logisk konsekvens av dette er ein medgir at ugjerningane er samanliknbare, og det har kritikarane rett i.
Den andre er at ein etterlyser vestlege reaksjonar på desse andre ugjerningane. Med andre ord er slike ugjerningar kritikkverdige. Det er ein konklusjon som det ikkje er vanskeleg å slutte seg til : Både det som skjer på Gaza og det som skjer andre stader er kritikkverdig.
Resultatet vert at dei som argumenterer mot kritikk av Israel si krigføring på Gaza på dette grunnlaget, i realiteten er med på å legitimere denne kritikken. Ære vere dei for det!
Avslutningsvis vil eg nemne ei anna, og kan hende langt mørkare, side ved argumentasjonen mot kritikken av Israels si krigføring på Gaza. Einskilde framståande medlemer av det jødiske miljøet, mellom anna her i Noreg, har gått ut og hevda at kritikk av Israel er eit uttrykk for jødehat.
Personleg har ein viss kunnskap til jødefolket si historie i Europa. Eg veit at Holocaust var ein kulminasjon av ei århundrelang forfylgjing av jødar, og at folk i mange land i vår verdsdel – vårt eige inkludert – hadde ei lite inkluderande haldning til jødar.
Eg veit også at mykje av jødehatet er fundert i usanne vandrehistorier om jødar, historier som til beste for alle forlengst burde vore slengt på historia sin skraphaug. Eg er også syrgjeleg merksam på at stigmatisering av jødar framleis er ei utfordring verda over. Noreg representerer ikkje noko unntak med omsyn til dette, diverre.
Men nettopp difor er det så problematisk at kritikk av Israel si hensynslause framferd i Gaza vert sett på som utslag av jødehat. For er det slik at legitim kritikk av Israel er det same som jødehat, ja, då må vel jødehat vere legitimt? Eg er redd einskilde kan dra den konklusjonen.
Og eg er redd for konsekvensane av slik tenking. Det er eg ikkje åleine om, ser eg. Også jødiske røyster har heva seg i protest mot det som vi veit utspelar seg på Gaza.
Det er då eit lite lyspunkt.
Biletet oppe på sida er teke av Hugo Gibson, og attgitt med løyve.
