Så er det den tida på året igjen – tida då folk som sjølv kallar seg “skeive” går ut i gatene og fortel at dei finnest, samstundes som andre gjer tydeleg beskjed om at dei slett ikkje likar at slike folk finnest. Dei skal helst ikkje vere synlege, og i alle fall skal ikkje ungane vite om dette!

Ein av desse som var tydeleg i sin tale då han skulle skildre kor ille han synest Pride er, var ein kar som drog ei samanlikning eg ikkje hadde tenkt på: Poenget hans var at han syntest det var ille at folk ikkje skulle kunne be borna sine fritekne frå alt som kune smake av pridemarkering, når skulane alt har ei tilsvarande ordning for elevane  si deltaking på julegudstenester.

Eg syntes dette var eit interessant synspunkt. For når ein tenkjer etter, så har desse markeringane ein del til felles:

  • Det eine er at einskilde ikkje likar dei, og helst såg at dei ikkje fantest.
  • Det andre er at dei er meint å vere ei positiv og inkluderande fellesoppleving for alle.
  • Det tredje er at det er ein del av dei som vert inviterte til å vere med, som betakkar seg og deretter hevdar at dei vert ekskluderte frå fellesskapen, og ikkje vert tekne omsyn til.
  • Og for eigen del vil eg legge til at eg opplever begge markeringane som positive, og som hendingar eg unnar alle å ta del i. Ein treng ikkje vere kristen for å delta på ei skulegudsteneste. Ein treng ikkje vere skeiv for å støtte opp om Pride.

Så like sjølvsagt som at eg ynskjer ei god jul til folk eg møter i desember, vil eg med dette sende kvar og ein mine beste ynskje for ein varm, fredfull og inkluderande pride-månad.

På tide å tone flagg