Fylkestannlegen i Hordaland meiner at talet på tannklinikkar i fylket må ned. Forslaget er legga ned 18 av dei vel 50 tannklinikkane rundt om i fylket. Det betyr at innbyggjarar i tolv kommunar i Hordaland ikkje lenger vil ha noko offentleg tannlegetilbod i sin eigen kommune.

Innleiinga over er eit sitat frå ein artikkel på nrk.no – heile artikkelen kan ein lese ved å peike og klikke her. Fylkestannlege Arne Aasan fortel at dei to viktigaste årsakene er fagleg vurdering og sjølvsagt økonomi. Tør eg gjette at her er grunnane sett opp i omvendt prioritert rekkjefylgje?

160205_TannhelseEg fryktar for det, og tek for meg grunnane i antatt prioritert rekkjefylgje. Eg veit ikkje kor mykje fylkestannlegen ser for seg at fylket vil spare på ei slik sentralisering av det offentlege tannhelsevesenet. Nokre millionar er det sikkert. Og det kan vere bra – for Hordaland fylke sine driftsbudsjett. Men korleis er reknestykket for dei som må reise i timevis for å få tannbehandling? Tapt arbeidsforteneste er eitt stikkord, tapt skuletid eit anna. Og kva med folk som kan hende ikkje er så vidføre, men som har eit krav på tannbehandling ?

Det kan vere betimeleg å minne om det Tannhelseavdelinga sjølv skriv på Hordaland fylke si heimeside : «Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar psykisk utviklingshemma, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige.» Eg fryktar at ein her finn gruppene som må betale rekninga for det fylket skal spare, og er frista til å sitere eit ordtak som ein russisk språkelev ein gong lærte meg : «I Russland sier vi at den eneste osten som er gratis, er den i musefellen!»

Når det gjeld det reint faglege, har eg stor sympati for at også tannlegar har behov for og ynskje om fagleg fellesskap. Og det kan godt tenkjast at ein bør gjere noko for å få dette til. Samstundes må eg seie at eg i meir enn tretti år som pasient hos vår lokale tannlege har følt at eg har fått god fagleg handsaming. Og har det vore noko ekstra, har eg gladeleg teke turen til Bergen for spesialisthandsaming. Eg kan difor vanskeleg sjå at det for meg som brukar av tannlegetenester ute i periferien vil vere så avgjerande om spesialisten eg kan hende har nytte av ein gong kvart tiande år har kontoret sitt vegg i vegg med min faste tannlege sitt kontor.

Til slutt litt om dårleg utnyttingsgrad på kontora. Eg veit ikkje om dette berre gjeld Masfjorden, men det er eit faktum at kontoret vert ståande tomt når det ikkje er nokon tannlege til stades der. Etter det eg forstår, skuldast ikkje dette mangel på tannlegar. Og for meg gjer det ingen ting om tannlegen har eit namn eg har vanskar med å uttale korrekt. I dei åra eg har gått til vår kjære distriktstannlege, har eg uansett slite med å uttale namnet «Johannes» med munnen full av bomull, avsug og kvinande hurtigbor.

Litt om biletbruken : Toppbiletet er eit utsnitt av ei kulepennteikning av Tefik Y Nasufov – korleis teikninga vart laga, kan ein sjå ved å peike og klikke her. Den andre teikninga er eit «profetisk» bilete frå 1825, og syner i denne samanhengen ein person som etter å ha fremma eit lite visjonært, men hårreisande framlegg om sentralisering av tannhelsetenesta i Hordaland legg frå seg tupeen og glasauget, medan dama bak synleggjer konsekvensane av framlegget hans. Ein kan sjå biletet i detalj ved å peike og klikke på det.

Rusta til tennene, eller til tennene rustar ?