Dette er den norske tittelen på ein roman av Jane Austen – «Pride and Prejudice». Eg synest det kunne vere ein høveleg tittel på eit innlegg om Pride-rørsla og fordommar denne vert møtt med.

Eg trur at eg gjennom livet har kjent fleire skeive menneske enn eg er klår over. For eg er slett ikkje sikker på at alle skeive eg kjenner, har hatt mot til å stå fram og leve i tråd med det dei sjølve har opplevd var naturleg for dei.

Det kan ha vore fleire grunnar til det: skamkjensle, sanksjonering, kriminalisering. Men kan hende også ei oppleving av ein avstand mellom den ein er og den ein har forventningar om å vere.

I dag ser vi ei gledeleg utvikling i retning av at det – i alle fall i vårt samfunn – er lettare enn før å leve som det mennesket ein er. Og utviklinga kan dei skeive sjølve ta mykje av æra for.

Eitt døme på det er korleis dei har teke brodden av ord som har vore brukt som skjellsord. «Homse», «lesbe», «skeiv» er i ferd med å endre status, frå nedsetjande uttrykk til meir nøytrale nemningar på noko som dei fleste er innforstått med tydinga av. Godt jobba!

I år (2022) feirar vi femtiårsminnet for avskaffinga av §213 i Straffelova. Denne paragrafen kriminaliserte seksuell omgang mellom menn. Pådrivarar for å få bort denne paragrafen var dei skeive sjølv, med Kim Friele som den kan hende best kjende personen i den prosessen. Godt jobba igjen!

Året 1970 er eit anna merkeår for dei skeive. Markeringa av eittårsminnet for Stonewall-opprøret er rekna som starten på Priderørsla, som på få år fekk fotfeste i dei fleste landa i den vestlege verda.

Det «vi utanforståande» kan hende assosierer med Priderørsla, er paradane som dei årleg har i mange byar. Og det er neppe å ta munnen for full når eg seier at desse paradane er blitt ein torn i auget på mange.

Kan hende det er difor at ikkje alle har sett at dei som står bak paradane, også står bak mange andre ulike tilskipingar, som til dømes konsertar, foredragskveldar. Omfanget er ulikt – dei mest omfattande arrangementa finn stad i større byar – her ein peikar til Oslo Pride – men også på mange mindre stader vert det halde markeringar og mindre arrangement.

Slik eg ser det, handlar arbeidet til Priderørsla om to ting: samhald innad og synlegheit utad. Og begge delar er naudsynte:

For den som kjenner seg åleine i eit miljø der ein opplever å skilje seg ut frå det som er normen, kan det vere viktig å sjå at ein er i eit stort og godt selskap. At ein kan hende ikkje er så utanfor som ein sjølv har gått rundt og følt på.

Og så er det bra at alle vi andre får augene opp for at nokre av dei vi omgåast har litt andre legningar eller orienteringar enn dei vi sjølve går rundt med, utan at det er til fare for nokon eller noko.  Det er dessverre ikkje alle som har forstått det enno.

 

Biletet er henta frå ein prideparade i Praha 2014, og er teke av Lukas Biba. Attgitt med løyve.

«Stolthet og fordom»