Komikar Lars Berrum har på NRK laga ein serie program om og med menneske som ofte vert møtt med fordommar. Konseptet er at han brukar nokre dagar på å verte kjent med menneska som vert presenterte i programma, og så nyttar han ting dei fortel han som utgangspunkt for å lage stand up. Dette skjer i forståing med dei han lagar stand up om.
Dei to fyrste programma har eg ikkje sett – enno. I utgangspunktet oppfatta eg heile konseptet som usmakeleg. Men det tredje programmet såg eg , og det gjorde at eg endra oppfatning om heile idéen bak programma. For programma syner at det faktisk er mogleg an å nærme seg vanskelege emne på ein humoristisk, og samstundes respektfull, måte. Det går an å lyfte fram folk sine utfordringar utan å raljere med dei.
Programmet eg no har sett, handla om transpersonar. Eg skal ikkje gå i detalj om kva dei einskilde hadde for utfordringar, men det slo meg at dei hadde ei utfordring felles:
Det handla om at dei vonde opplevingane dei hadde hatt gjennom livet som fylgje av at dei var dei personane dei var, skuldast korleis menneske rundt dei oppfatta dei og korleis dessse oppførte seg. Historiene var mange, og dei var ulike. Men dei hadde eitt til felles: Utgangspunktet var “dei andre”, som gong på gong la stein til børa deira gjennom det desse andre sa, og det desse andre gjorde.
Sjølvsagt er det mogleg å unnskylde desse. Måten dei agerte på, var sikkert ikkje vondt meint, men det vart vondt for dei dette gjekk ut over. Truleg var det vankunne og tankeløyse som var årsaken.
Men så skjer det pussige, eller kan hende rette omgrepet er “det tragiske”, at når Bufdir lagar eit utkast til “Råd om møter med kjønnsmangfold for offentlige ansatte”, vert det mobilisert m.a. frå politisk hald for å stogge arbeidet med eit slikt dokument.
Eg skal ikkje gå detaljert inn i grunngjevingane for denne motstanden. Desse er gjort greie for i informasjonen eg har lagt ut lenkje til. Men eg kan seie sopass at eg er uviss på om kritikarane har lese råda som er gitt her, eller om det er viljen eller evnen til å forstå det dei har lese, som det skortar på.
Det er freistande å sitere litt av innleiinga til dette dokumentet: “Formålet med disse faglige rådene er at du skal få vite hvordan du på en god måte kan møte transpersoner og andre som bryter med normer og forventninger knyttet til kjønn.
Det er viktig at alle mennesker blir møtt på en fordomsfri og god måte i det offentlige rom.”
Dette siste er til dei grader understreka i programmet til Lars Berrum, nettopp av folk som ikkje har opplevd å verte møtt på ein fordomsfri og god måte i det offentlege rommet. Og som alt skrive – vankunne og tankeløyse kan vere ei forklåring på at det er slik. Men noko unnskyldning er det ikkje.
Og like lite er det grunn til å unnskylde dei som aktivt kjempar mot arbeid som kan hjelpe oss til nettopp å møte alle menneske på ein fordomsfri og god måte. Dei burde vite betre!
