På trilletur med yngste barnebarnet mitt kom eg over eit lite minnesmerke eg ikkje visste om. På ein liten mur av stein var det reist fem steinar, og på framsida av muren var ein plakett i bronse med denne teksten:

Til minne
om 5 ukjende russiske krigsfangar
som etter freistnad på røming
vart avretta utan rettargang 1.9.1942,
av ei omsynslaus tysk fiendemakt.
Dei vart nedgravne på jordet nede til venstre.
Gravlagd i sams grav ved Indre Arna kyrkje 5.10. 1945

Reist av Arna mållag 1985

«Avretta utan rettargang.»

Fråtekne livet. Fråtekne alt. Ingen veit kven dei var. Det einaste synlege provet på at desse fem russarane har eksistert, er dette minnesmerket, og grava deira på kyrkjegarden ved Indre Arna kyrkje.

For meg vart dette minnesmerket ei påminning om kva kampen mot nazismen handla om. Den handla – og handlar – om å hegne om fridomen til kvart menneske, og om rettstryggleiken til kvar og ein av oss.

Vi skal ikkje tru at den kampen er vunnen ein gong for alle. Kampen pågår den dag i dag, i ordskifte på sosiale media, i politiske debattar, ja, like inn i vår lovgjevande forsamling.

I dag ser vi tydelege teikn til ei forvitring av rettstryggleiken, forkledd som tiltak i kampen mot terror. Tillet vi at rettstryggleiken vår får forvitre, hjelper det lite om vi heisar flagget og seier at vi heidrar minnet til dei som kjempa og fall i kampen for fridomen vår. Det vi faktisk gjer, er å trampe på minnet deira. 

Eg såg mange vaiande flagg denne dagen, og det var eit vakkert syn. Men for meg var det minst like vakkert at minnesmerket over desse fem russiske fangane var pynta med nyplanta blomar.

Tankar på 8. mai