Standard editor i WordPress heiter TinyMCE. Den er enkel i bruk, og det er bra.

Dette gjer at TinyMCE bidreg til å gjere det enkelt å kome i gang med å leggje inn nytt stoff. Difor kan det vere lurt å starte med å bruke TinyMCE slik han er sett opp som standard i WordPress.

Men det enkle brukargrensesnittet har gått noko på bekostning av funksjonaliteten i editoren. Så kva gjer ein når ein vil ha gjort noko som standardversjonen av TinyMCE ikkje har funksjonalitet til? Då kan ein gjere det på minst to måtar – eg skriv «minst» av di det godt kan tenkjast å finnast fleire måtar som eg ikkje er kjend med.

TinyMCE_AdvancesEin kan gå over i rein tekstmodus og forsyne teksten med naudsynt koding som vil gi ynskt resultat. Eller ein kan installere ein plugin som heiter TinyMCE Advanced.

Det denne plugin-en gjer, er å tilføre TinyMCE sitt standard oppsett fleire funksjonar. Men det fine er at du sjølv kan definere kva funksjonar som skal vere synlege og klare til å verte tekne i bruk. På den måten vert ikkje brukargrensesnittet overfløymd av funksjonar du strengt teke ikkje har trong for.

Ein annan fin eigenskap ved denne plugin-en er at han samhandlar godt med andre plugin-ar. Soleis ser eg at noko av funksjonaliteten som eigentleg er knytt til andre plugin-ar, vert tilgjengeleg i TinyMCE i form av nye ikon på verktøylinjene. Dette skjer utan at eg treng gjere noko særskilt for det.

Biletet øvst på sida syner ei Corona skrivemaskin, og er eit utsnitt av eit fotografi du kan sjå ved å peike og klikke her.

TinyMCE Advanced