Frå 4. september 2022 skal NRK overføre gudstenester på TV kvar søndag. Dette er nytt. Tidlegare har gudstenester berre blitt overført på TV i høgtidene. I fylgje nettstaden journalisten.no er grunngjevinga for dette slik formulert av NRK ved produsent Gudbjørn Bondhus : «Vi ønsker å gjøre gudstjenestene mer tilgjengelig for alle. Når vi sender på TV, vil også de som hører dårlig kunne få med seg innholdet, fordi vi kommer til å tekste programmene.»

Det går ikkje fram om dette er andre gudstenester enn dei som fram til no har vore formidla gjennom radio, eller om TV-sendingane berre betyr at overføringa av lyd vert supplert med overføring av bilete. Men uansett er sendeflaten som vert nytta til overføringa av desse gudstenestene, svært liten i høve den totale sendeflaten som NRK tilbyd.

Likevel har denne satsinga falle ein og annan tungt for brystet. Leiar i Humanetisk forbund, Christian Lomsdalen, har gitt uttrykk for at – sitat: «… dette handler ikke om at man skal gjemme seg i skapet eller at man skal ut av det offentlige rom, men at det offentlige er for oss alle.»

Lomsdalen sin argumentasjon byggjer mellom anna på hans tolking av to av paragrafane i NRK-plakaten. Han syner til §18, der det står fylgjande: «NRKs tilbud skal gjenspeile Norges religiøse arv og mangfold av livssyn og religion i det norske samfunnet.» Om dette har han fylgjande å anføre : «Det er ingenting i denne paragrafen som tilsier at dette skal, bør, eller må skje gjennom å sende forkynnelse, som vi finner i morgenandakter, TV-gudstjenester, eller radiogudstjenester. Tvert imot tilsier § 29 i NRK-plakaten at dette bør løses på andre måter.»

Jaha – lat oss sjå kva som står i §29. Der kan ein lese fylgjande: «NRK skal verne om sin integritet og sin troverdighet for å kunne opptre fritt og uavhengig overfor personer eller grupper som av politiske, ideologiske, økonomiske eller andre grunner vil øve innflytelse på det redaksjonelle innholdet. Virksomheten skal preges av høy etisk standard. Saklighet, analytisk tilnærming og nøytralitet skal etterstrebes, jf. bl.a. prinsippene i Redaktørplakaten, Vær Varsom-plakaten og Tekstreklameplakaten.»

Lomsdalen har på ein måte rett med omsyn til kva som står i §18. Forkynning er ikkje nemnt her. Det står faktisk ingen ting om kva måte Noreg sin religiøse arv skal formidlast på. Heller ikkje om korleis mangfaldet av religion og livssyn skal formidlast. Det er vel slik at paragrafen pålegg NRK å synleggjere Noreg sin religiøse arv og det mangfaldet av livssyn og religionar ein har her til lands, og overlet til NRK sitt redaksjonelle ansvar å utføre dette i tråd med dei rammene som er gitt. Med andre ord: Lomsdalen kan ikkje nytte §18 som argument for å få fjerna innhald han ikkje synest om.

Heller ikkje §29 seier noko om kva måtar NRK kan – og ikkje kan – forvalte ansvaret med å formidle den religiøse arven og det livssynsmessige  mangfaldet på. «Saklighet, analytisk tilnærming og nøytralitet skal etterstrebes» står det, og det er eit ideal som ser ut til å skulle omfatte alt av NRK si verksemd. Så spørs det korleis dette skal forståast og omsetjast i praktisk handling. Det er ikkje sikkert at å unnlate å sende gudstenester er eit uttrykk for «saklighet, analytisk tilnærming og nøytralitet». Ei slik haldning kan like gjerne tolkast som uttrykk for undertrykking av tankar ein sjølv ikkje deler. Sensur, med andre ord.

Det er då det kan vere på sin plass å nemne noko som er særskilt for TV-overføringar, og det er at dei kan gi den som ser på, ei kjensle av fellesskap med andre som ser på, og med dei som deltek direkte. Dette til tross for at ein fysisk er på heilt ulike stader.

Sportssendingar kan stå som gode døme på dette. Kultursendingar likeså, og gudstenester. Eg trur at slike fellesskapsopplevingar er gode for dei som opplever dei, og eg unnar alle dette.

Sjølv er eg så måteleg interessert i sport, men eg unnar dei som er det gleda ved sportssendingar. Det er fjernt frå mine interesser å benke meg framfor TV-en når MDG-sirkuset rullar over skjermen. Men eg forstår at folk er opptekne av fenomenet og gled seg over å delta på sin måte. Og eg har sjølvsagt ingen ting imot det.

Kvifor skal ein ikkje unne folk som ynskjer å fylgje ei gudsteneste på TV kvar søndag same gleda?

TV-sendte gudstenester – den 11. landeplage?