Eg vil skrive litt om korleis eg nyttar bilete på heimesida mi.

SoriaMoriaFyrst litt om kvar eg får bileta frå : Dei aller fleste bileta har eg teke sjølv. Dermed treng eg ikkje tvile på at eg har høve til å bruke desse bileta på heimesida mi – med mindre dei syner personar som burde hatt høve til å gi sitt samtykke at bileta vart publiserte.

Det er også sjølvsagt at ingen bilete vert nytta på ein måte som kan opplevast som krenkjande av dei som er avbilda.

SosialpornografiBiletet av mannen på benken og kvinna som fotograferer han er etter mi meining eit døme på ein situasjon der det truleg vart teke eit bilete som kan brukast på ein krenkjande måte. Mannen som sit og søv på benken er heilt prisgitt situasjonen, og etter mi meining burde kvinna som tek biletet, ha avstått frå å ta det.

Eg kallar biletet «Sosialpornografi», og vil med det markere at dette ikkje er akseptabel framferd frå kvinna som tek biletet si side.

Så kan ein sjølvsagt diskutere om eg er noko betre, som tok eit bilete av situasjonen. For meg går skilnaden i at det er situasjonen er tek bilete av, ikkje personane i og for seg. Den som eventuelt kjem dårleg ut her, er kvinna – sosialpornografen. Eg har ikkje dårleg samvit.

Ein del bilete som eg publiserer er henta frå internett. Då er det viktig å passe på det faktisk er lov å attgi bileta som er nytta. Ein god måte å sikre dette på, er å nytte filtera som finnest i søkjemotorane. Eg nyttar stort sett Google, og då kan eg aktivere eit filter som berre hentar fram bilete som det er lov å attgi og endre. Det fører sjølvsagt med seg at utvalet av bilete vert mindre, men til gjengjeld treng ein ikkje frykte anklagar om å ha gjort noko ulovleg.

Det treng eg ikkje gjere no heller. For alle bileta på den sida har eg teke sjølv.