Det hender at folk eg drøftar med på sosiale medier, hevdar at eg kverulerer. Ut frå sin ståstad har dei kan hende rett, i den forstand at eg brukar mykje tid og krefter på å grave i grunnlaget for det dei meiner, og også gjer mitt for å gjere greie for eigne meiningar. Det kan nok opplevast både trøyttande og frustrerande for einskilde. For eg har ikkje for vane å gi meg før eg har fått fram det eg vil.

Å diskutere på denne måten er ikkje alltid gjort i ei handvending. Tidvis er det blitt lange drøftingar av slikt. Men eg synest det kan vere bryet og tida verdt.

Eg har gjerne ikkje store vona om at vedkomande eg diskuterer med, vil skifte meining på grunn av argumentasjonen min. Men eg har ei tru på at andre som les det eg skriv, i det minste kan sjå at det finnest motforestillingar til det dei er blitt presenterte for. Det er då noko.

Og i ein del tilfelle har slike drøftingar ført til at eg sjølv har fått endra oppfatninga av ei sak. Nokre gonger er eg blitt mindre sikker på eigne meiningar. Andre gongar er eg blitt sikrare.

Og så har eg gjort ein pussig obervasjon ein gong: Ein kar som meir enn ein gong har kritisert meg for å vere kverulant, roste meg fordi eg var så roleg og tålmodig i ein diskusjon med ein annan. Men eg gjorde ikkje noko anna den gongen enn det eg elles gjer: prøver å vere grundig og tydeleg.

Så kva var skilnaden? Jau, denne gongen var vedkomande samd med meg i argumentasjonen. Og her trur eg vi er ved ein kjerne: oppfatninga av kven som er kverulant og sta, og kven som er grundig og tålmodig, kan henge saman med kva syn ein sjølv har på den aktuelle saka som vert drøfta.

Omgrepet «kverulant» har ein leksikalsk definisjon, sjå her. Det ein skal legge merke til, er at ordet pr definisjon vert brukt nedsetjande om personar som heile tida uttrykker usemja si,  og som kranglar om småting og bagatellar. Spørsmålet er så: kva er det høyrer inn under omgrepet «småting og bagatellar»? Det kan nok variere stort, frå person til person og frå sak til sak. Med andre ord: bruken av orda «småting og bagatellar» er ikkje eintydig.

Dermed kan ein slå fast tre tilhøve ved dette ordet:

  • Det vert nytta nedsetjande om folk. Det betyr at det kan brukast som eit språkleg maktmiddel, noko som gjer at det kan vere freistande å ta det i bruk mot folk ein diskuterer med, når ein ikkje har andre motargument.
  • Det bidreg til å flytte fokus frå det som vert diskutert, til dei som diskuterer.
  • Det er eit upresist omgrep, av di det ikkje er eintydig når eit argument er viktig, og når det må karakteriserast som «småting og bagatellar».

Difor har eg villa unngå å bruke dette omgrepet til  å karakterisere ein meiningsmotstandar.
Eg har heller ingen planar om nokonsinne å ta det i bruk.

Men om einkvan vel å setje meg i ein slik bås, så er det fritt fram.
For meg er det eit teikn på at vedkomande er komen heilt til botnen i den verbale verktøykassa si,
og det ein finn der, er som regel ikkje det beste verktøyet.

Biletet oppe på sida er
eit utsnitt av eit handkolorert trykk av Isaac Cruikshank.
Heile biletet er attgitt attmed.
Klikk på det for å sjå ein større versjon.

Som ein vil sjå av biletet, er
personangrep med utgangspunkt i usemje
ikkje eit nytt fenomen.
Heller er det ikkje særleg konstruktivt.
Det har det aldri vore.

Kallar du meg kverulant? Slutt å kverulere!