Mange av bileta eg syner her, har eg teke på tur.
Mange av turane mine er tredelte : Fyrste delen er ei oppstiging. Andre delen er ein pause med litt mat og mykje utsikt. Tredje delen er nedstiginga.
Andre delen er best. Eg må innrømme det : hadde det ikkje vore for ho eg er gift med, hadde eg gått glipp av mykje. Mykje slit og mykje svetting, men fyrst og fremst : Mange flotte naturopplevingar – samt den gode kjensla når ein kjem heim att og kan seie til seg sjølv : «Ja, min santen gjekk det riktig godt, denne gongen også!»
Nedunder er nokre glimt frå små og ikkje fullt så små turar i Masfjorden sin natur.

Vinterbilete frå Masfjorden
Les Meir

På hagevandring 1
Les Meir

Sleirsfjellet opp 2015
Les Meir

Velkomen til Trollskogen
Les Meir

Tur til Austefjellet
Les Meir