Musikk har eg vore oppteken av all min dag. Og klassisk musikk har vore min sjanger sidan barndomen.

Det var ei tid eg trudde eg ikkje likte jazz. Og saksofon var eit frykteleg stygt instrument, meinte eg. Men det var før eg høyrde Ben Webster spele, og plutseleg forstod at god jazz er som annan god musikk – stimulerande for kjensler og tanke.

Folkemusikk kom for alvor inn i livet mitt i kjølvatnet av EEC-kampen i åra fram mot folkerøysringa i 1972. Eg oppdaga at vi har rike, rike tradisjonar, og mange flotte tradisjonsbærarar. Nokre av dei har eg hatt gleda av å møte ansikt til ansikt. For meg har det vore utbytterikt.

Etter kvart har eg fått lære at vår folkemusikk er ei grein på eit stort tre som utgjer folkemusikktradisjonane til alle folk i alle land, og eg har fått gleda av å sitje på andre greiner på dette treet og høyre songen og musikken som kjem derfrå.

Og så ser eg at det kanskje er feil å setje musikk i båsar. Mange gongar har folkemusikk vore grunnlaget for kunstmusikk – eit godt døme på det er omtalt i denne CD-omtalen. Andre gongar har vegen gått mellom andre sjangrar, og i ulike retningar. I eit samfunn der ulike musikksjangrar er blitt så lett tilgjengelege, trur eg dette er eit fenomen som vert meir og meir vanleg.

Og det trur eg er bra. Eg trur at utveksling av impulsar fører til mangfald, ikkje einsretting. Og eg trur vi skal slutte å setje musikk i båsar. All god musikk er god musikk – og all musikk er folkemusikk. For vi er då alle folk, er vi ikkje ?