Her vert det skrive litt om folkeleg kunst og folkelege tradisjonar. Eg interesserer meg både for folkeleg musikk, for folkekunst i ulike former, og for folkelege forteljingar og tradisjonar.

Det fyrste emnet eg tok opp under denne bolken var strikking, nærare bestemt ein strikkestradisjon frå Sotra som har ei spesiell tilknyting til min familie. Det var nok tilfeldig at det vart slik. Men slik vart det altså.

Mindre tilfeldig var det nok at det er eit bilete av Sigrid Moldestad som pryder toppen av denne sida. Eg synest ho er ein fin kunstnar som på ein god måte klarar å kombinere musikk med opphav i hennar eigen bakgrunn, med ulike andre musikkformer. Ho er ein gjest i andre sine kulturuttrykk, og deler gavmildt av sitt eige.

Ho er eit godt døme på at det godt går an å vere heime fleire stader enn ein.