Juleoratoriet er meir enn vakker og stemningsfull musikk
Dette måleriet av Rogier van der Weyden pryda omslaget på mine fyrste lp-ar med Juleoratoriet.

Johann Sebastian Bach sitt Juleoratorium er blitt eit fast innslag i julefeiringa for mange. Det vert framført i fullsette kyrkjer og konserthus. Det vert sendt konsertopptak av det på minst ein tv-stasjon i løpet av juledagane, og utdrag av juleoratoriet er å høyre på fleire ulike radiokanalar.

Sjølv høyrer eg det gjerne på plate, eller på cd. Den fyrste innspelinga eg kjøpte, skaffa eg meg i 1974. Og i åra som er gått, har eg alltid passa på å få spelt om ikkje alltid heile oratoriet, så i alle fall store delar av det.

Eg synest eg har gode grunnar til det. Musikken er vakker og stemningsfull, og så er det noko med den musikken som ein berre høyrer på i jula. Berre det å høyre på han nett då, er ei fin oppleving i seg sjølv.

Men Juleoratoriet er ikkje «berre» vakker og stemningsfull musikk. Det er musikk som er skapt for å ha ein funksjon. Gjennom val av tekst og utforming av musikken har Johann Sebastian Bach gitt oss tankegods knytta til juleforteljinga i ei svært rikhaldig og samansett innpakning.

Men det er ei utfordring med Bach sitt juleoratorium: Det er tiltenkt eit bestemt publikum – og vi er ikkje det publikummet. Juleoratoriet er skrive for kyrkjelydane i St.Thomas- og St.Nicolauskyrkjene i Leipzig i 1734/35. Ein del av tankegodset bak verket var nok meir tilgjengeleg for tilhøyrarane den gong, samanlikna med dei som høyrer det i våre dagar.

Dette kan vere nyttig å ha med seg når ein skal fordjupe seg i dette verket. På dei neste sidene vil eg skrive litt om det.

Johann Sebastian Bach : Juleoratoriet
1 23 ... 6Neste »