Er Juleoratoriet eitt stort verk eller seks mindre?
Altarbilete av den nederlandske målaren Dieric Bouts (ca.1415-1475) som er sett saman av fleire sjølvstendige bilete.

Svaret er «ja». Det er eitt verk, men samansett av seks mindre.

Då Juleoratoriet vart framført for fyrste gong i Leipzig i jula 1734 og dei fyrste dagane i 1735, var det ikkje som eitt samanhengande verk. Juleoratoriet er sett saman av seks kantatar, ein kantate for kvar av desse høgtidsdagane :

  • Fyrste juledag,
  • andre juledag
  • tredje juledag,
  • fyrste nyttårsdag,
  • første søndag etter nyttår, og
  • heilagtrekongarsdagen.

Slike kantatar var ein del av gudstenesta. Dei var som regel sett saman av solosong, korsong og av og til instrumentalinnslag. Songtekstane var tematisk knytte til den aktuelle preiketeksta for gustenesta, og kunne anten vere ei innføring i tematikken for dagen, eller dei kunne vere meditasjonar over denne.

Dermed kan ein godt seie at kantatane som Bach sitt juleoratorium er sett saman av, er å betrakte som sjølvstendige musikkverk som i like stor grad er knytte til gudstenesta dei er laga for, som dei er knytte til kvarandre. Men det er likevel ein sterk og tydeleg samanheng mellom dei. Dei er ein del av ein heilskap, ikkje ulikt bileta som ein finn på altarbiletet av Dieric Bouts, som ein kan sjå oppe på sida. Også dei fortel kvar sin del av ei lengre, samanhengande historie.

For meg har dette gjort at eg har kunna nærma meg innhaldet i juleoratoriet ved å lytte til ein kantate om gangen. Det har fungert godt for meg. Sjølv om ein kan hende ikke får den fulle oversikten på den måten, gjer ein slik metode deet enklare å fordjupe seg meir i alt tankegodset Juleoratoriet er fylt av. Og det er ikkje lite!

Johann Sebastian Bach : Juleoratoriet