Kvar kan ein så finne innspelingar av Juleoratoriet?

For dei som brukar strøymetenester, til dømes Spotify, er utvalet med innspelingar stort. Der kan ein velge og vrake mellom meir enn tretti innspelingar. Vil ein heller kjøpe musikken på cd, er ikkje utvalet særleg mindre. Og det ein gjerne får i tillegg til musikken, er informasjon om både musikken og dei som utøver han.

Men så kjem spørsmålet : Kva innspeling skal ein høyre på? Har ein tilgjenge på ei strøymeteneste som til dømes Spotify, kan ein sjølvsagt velge og vrake – og hoppe over til ei anna innspeling om ein ikkje likar den ein har høyrt på. Men vel ein å kjøpe Juleoratoriet på CD, kan det vere greitt å finne ei innspeling som er god. Kva skal ein då velge?

No kan eg ikkje skryte på meg å ha høyrt så svært mange innspelingar. Då er det godt å kunne lene seg på råd frå andre, meir kunnige innan faget. I 2014 publiserte det anerkjente engelske tidsskriftet The Gramophone ein artikkel som heitte «Bach’s Christmas Oratorio – which recording is best?» – ein kjem til artikkelen ved å peike og klikke her.

Eg skal ikkje attgi heile artikkelen her. Men eg konstaterer at den innspelinga som til sjuande og sist vert sett høgast, er med den austerrikske dirigenten Nicolaus Harnoncourt. Han var ein nestor innan tidlegmusikkrørsla. Så tidleg som i byrjinga av 1960-talet begynte han å gjere innspelingar av barokk musikk med originalinstrument eler kopiar av slike, og med ein speleplaksis mest mogleg lik den dei nytta i barokken. Det er for øvrig han som dirigerer solistar, kor og orkester i videoane med kantate nr 3 og nr. 4.

Ei anna fin innspeling er med den engelske dirigenten John Elliot Gardiner. Dette er ei av dei innspelingane eg har sjølv, og eg synest det er ein frisk og fin versjon vi får servert her.

Men den innspelinga som står mitt hjarte nærast – kan hende av di ho har fylgt meg sidan eg kjøpte henne på LP før jul i 1974, er ei innspeling leia av Gerhard Schmidt-Gaden. Her vert sopran- og altstemmer sunge av gutar, noko som gjer at heile verket får ein annan klang enn når det er damer som syng sopran- og altstemmene. (Det finnest eit par andre innspelingar også som nyttar gute- eller mannsstemmer i staden for damestemmer. Her er peikar til ei innspeling – også den med Nicolaus Harnoncourt som dirigent.) Diverre er ikkje favorittinnspelinga mi å få kjøpt lenger.

Uansett kva du måtte velge, så kan eg love deg mange timars interessant lytting om du gjev deg i kast med Juleoratoriet til Johann Sebastian Bach. Og vil du fordjupe deg i tankegodset knytt til dette meisterverket, er denne boka ei god kunnskapskjelde : Markus Rathey : Johann Sebastian Bach’s Christmas Oratorio – Music, Theology, Culture

Johann Sebastian Bach : Juleoratoriet
« Forrige1 ... 45 6