Kultur er viktig, av mange grunnar. Eg nemner nokre her :

Kultur gjev livsinnhald.
Kultur skapar identitet.
Kultur skapar samahengar.

Ein viktig leksjon i kor viktig kultur er, fekk eg då eg vart kjend med nazistane sin transittleir for jødar i Terezín (Theresienstadt) i Tsjekkia. Forutan å løyse eit logistikkproblem for nazistane i deira arbeid med å gjennomføre «den endelege løysinga» for jødane, vart leiren her nytta som eit utstillingsvindauge andsynes Raudekrossen, der nazistane prøvde å marknadsføre at dei praktiserte human handsaming av fangar.

Nokre let seg lure, men ikkje alle – jfr. innhaldet i brevet til Odd Narve Tindeland, som er attgitt på denne sida. Dette var skrive før krigen var over, og då var tydelegvis historia om dei tyske konsentrasjonsleirane godt kjende.

For å halde på denne fasaden av humanitet fekk jødane høve til å drive skule og halde på med kulturelle aktivitetar i Terezín. Borna fekk opplæring i skulefag, og i musikk, drama, teikning og måling. Det vart til og med sett opp ein barneopera her, Brundibar. Den kan du lese meir om ved å peike og klikke her. 

Mange av dei vaksne var leiande intellektuelle, og mange arbeidde vidare med si forskning i leiren. Dei heldt foredrag for kvarandre – det skal vere registrert meir enn 2400 foredrag halde av meir enn 500 foredragshaldarar. Meir informasjon om dette finn du ved å peike og klikke her.

TerezinLista over bidragsytarane er stor og mangslungen, og inneheld mange fascinerande namn. For min del er eg spesielt fascinert av professor Paul Blum frå universitetet i Brno, som midt oppe i den sørgelege situasjonen han var i, studerte grotesk humor og dreiv komparative studier av tysk humor, fransk esprit og jødisk witz, og i tillegg publiserte «Funny Verses of My Own Pen».

Historia fortel om stor kulturell aktivitet. Det er tydeleg at dette må ha betydd mykje for desse menneska. Vi veit at dei var fullstendig klar over kva som truleg venta dei når tida i Terezín var over. Og det var dette dei valde å fylle tida si med medan dei venta på å verte sett på toget nordover.

Eg trur vi kan lære noko av dette. Eg trur historia syner at kulturelt arbeid av ulikt slag på ulikt vis gjer liva våre rikare. Eg trur kulturelt arbeid ein gong i ei ikkje for fjern framtid kan vere det vi treng for å tole at velstandsauken stagnerer, og trulig snur.

Eg trur vi må vere meir opptekne av kultur – no. Og under menyen «Kultur» finn ein nokre kulturelle emne eg er særskilt oppteken av.

Toppbiletet har eg teke inne i Undredal stavkyrkje, som er den minste soknekyrkja i landet.