Denne musikken er lite kjend. Det er synd, for han dokumenterer noko svært viktig.

Dette er den fyrste CD-omtalen eg har skrive. Eg starta med denne plata av di eg meiner denne musikken er viktig – ei naudsynt påminning om kor stor betydning kultur har for oss menneske, både i gode og i vonde tider. Og stort vondare tider enn tida denne musikken oppstod i, kan ein vanskeleg tenkje seg.

Brundibar er ein opera for og med born, komponert av den jødiske komponisten Hans Krasa, med libretto av Adolf Hoffmeister. Operaen vart urframført i Terezin 23. september 1943. Terezin var ein transittleir for tsjekkoslovakiske jødar, og langt dei fleste av dei som var internert her, vart vidaresendt til Auschwitz, der dei vart myrda. Dette gjaldt også for borna som var med ved urframføringa. Få av desse overlevde krigen.

Ei dei som overlevde opphaldet i Terezin, og som var med på arbeidet med Brundibar, var pianisten Alize Herz-Sommer. Ein nekrolog over henne kan ein finne her.

Grunnen til at dei jødiske fangane i det heile teke fekk halde på med denne typen aktivitetar, var at Terezin vart nytta som nazistane sitt «utstillingsvindauge» andsynes Raudekrossen når det gjeldt korleis fangar vart behandla. Meir om dette kan ein lese fleire stader på nettet. Her er ein peikar til ei side på internett med eit kortfatta oversyn over historia til Terezin.

BrundibaromslagDet finnest fleire innspelingar av Brundibar. Innspelinga eg presenterer her, er utgitt av det nederlandske plateselskapet Channel Classics, og har nummer CCS 5193 i katalogen deira.

Dei som syng er born, medlemer av Disman Radio Children’s Ensemble. Saman med seg har dei eit instrumentalensemble, som etter det eg forstår nyttar same besetning som den ein hadde då operaen vart framført i Terezin.

Musikken er i liten grad prega av tilhøva han i si tid vart framført under. Dette er enkel, munter og melodisk musikk, vakkert harmonisert. Og dei som framfører musikken på denne innspelinga gjer det på ein måte som står veldig i stil til han.

Som rimeleg er, vert musikken framført på tsjekkisk. Dessverre er det ikkje tekstbilag med CD-en. Men for ein som vil fylgje med i handlinga, vil denne biletboka vere ei fin løysing på problemet. Og meir informasjon om operaen kan ein finne ved å peike og klikke her.

På Youtube fann eg eit utsnitt av ein film som vart teken på ein av framføringane av Brundibar i Terezin. Den kjem ein til ved å peike og klikke her.

 

Hans Krasa : Brundibar