Ein strikketradisjon eg er svært oppteken av, er dei mønstra strikketrøyene frå øyene vest for Bergen. Grunnen til det er at eg har fått sjå denne tradisjonen verte halden levande gjennom fleire generasjonar i eigen nære familie. For meg er dette difor nært knytt til min eigen bakgrunn.

I det fylgjande vil eg fortelje litt om denne tradisjonen, med eigen familie og eit heilt spesielt strikkemønster som utgangspunkt. Dette vert med andre ord ei ganske subjektiv framstilling.

Merk at framstillinga går over fleire sider. Nedunder ser du peikarar til kvar av desse sidene. Men ynskjer du å lese sidene i samanheng, kan det vere lurt å starte med fyrste sida, som er kalla «Trøyer og tradisjonar», og deretter manøvrere deg frå side til side ved hjelp av peikarane som du finn under teksten på kvar side. Desse er skrivne med feit skrift, og utstyrt med hakar ( << eller >> ) .