Eg har samla på musikkinnspelingar i over 40 år. Fyrst var det på LP-ar, seinare på CD. I nokre tilfelle på begge delar.
I dag er det mange som berre nyttar streaming. Platebunkane er forsvunne frå dei fleste heimar. Rekkjene med CD-ar er i ferd med å forsvinne, dei også. Men enno er det nokre av oss som synest det er kjekt å eige mediet musikken er på. Eg er ein av dei. Og det er til slike med same alderdommelege innstillinga eg skriv.
Felles for dei CD-ane eg skriv om, er at eg likar dei. Eg ser ikkje noko poeng i å bruke tida mi til å skrive om CD-ar eg ikkje likar. Eg ser heller ikkje noko poeng i å kaste bort folk si tid på lesing om CD-ar eg meiner dei ikkje treng bruke tid og pengar på. Så det at CD-ane er omtala her, er i seg sjølv eit teikn på at eg meiner dei held mål.
Ut over det kjem eg berre til å presentere CD-ane, og skrive litt om innhaldet på dei. Finn eg lenkjer til musikken t.d. på Youtube, legg eg gjerne ut ein peikar. Og skulle einkvan lure på kvar ein kan vende seg for å få kjøpt denne musikken, står det litt om det i artikkelen som det er peikar til her.
Nedunder er peikarar til plateomtalane mine. Vonar du synest det er nyttig lesing.

Grechaninov : Passion Week
Les Meir

Heinrich Schütz : The Complete Narrative Works
Les Meir

Frans Brüggen – ein trollmann på instrumentet sitt
Les Meir

Musikk frå hjarte til hjarte
Les Meir

Allan Edwall : «Den lilla bäcken – Allans bästa»
Les Meir

Viola d’amore – med kjærleik i kvart drag
Les Meir

Brecht/Weill: Tolvskillingsoperaen
Les Meir

Natalie Merchant : Leave Your Sleep
Les Meir

Grieg : Slåtter, Op.72
Les Meir

Telemann : Orkestersuiter
Les Meir

Hans Krasa : Brundibar
Les Meir